Hopp til innhold

Mildvêret skapar utfordringar på vegane

Fem vegar i Sogn og Fjordane var tysdag morgon stengd grunna rasfare, og ifølgje Vegtrafikksentralen er det glatt på vegane. Tysdag føremiddag er det berre ein veg som endå ikkje er opna.

Slaps i vegen

GLATTE VEGAR: Mildvêret har smelta snøen fleire stader, og slaps har på enkelte vegar frose grunna underkjøling.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Ifølgje NVE er skredfaren på nivå 3, altså betydeleg, i heile Sogn og Fjordane tysdag. Det har medført at fleire vegar var stengde tysdag morgon.

Skredfare og glatte vegar

Måndag kom det fire små snøskred på fylkesveg 664 mellom Otterdal og Hornindal. Grunna fare for nye ras vart ikkje vegen rydda, og er framleis stengd.

Også på Tyin gjekk det eit snøskred måndag, og ein person vart teken av skredet. Vedkommande kom seg uskadd ut på eiga hand. Fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal var ein periode stengd grunna uvêr, men opna att i morgontimane.

Ifølgje Vegtrafikksentralen er det stadvis snødekte vegar framleis, og generelt fare for underkjøling. Tysdag morgon har dei fått meldingar om glatte vegar, og særleg har meldingane omhandla E39 mellom Moskog og Førde og fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll.

Fleire vegar var stengde

På fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol vart det innført kolonnekøyring litt før klokka 10.00. Nærare to timar seinare er vegen opna for fri ferdsel.

Elles var desse vegane stengd grunna rasfare, men alle er no opna att:

  • Fylkesveg 720 mellom Hjelleøyane og Erdal
  • Fylkesveg 722 mellom Storesunde og Flo
  • Fylkesveg 730 mellom Bødal og Loen
  • Fylkesveg 724 mellom Briksdalen og Olden
  • Fylkesveg 664 mellom Fossebakken og Navelsaker