Hopp til innhold

Takka vere mild vinter kan du allereie i juni køyre gjennom denne tunnelen

Allereie i løpet av juni opnar Statens vegvesen Agjeldtunnelen for trafikk. Årsaka er den milde vinteren.

Prosjektleiar Jon Harald Huseklepp ved Agjeldtunnelen

GLEDE: Prosjektleiar Jon Harald Huseklepp og pendlarane på Olden – Innvik har all grunn til å smile. Agjeldtunnelen blir opnar tidlegare enn venta.

Foto: Ole Kristian Åset / Statens vegvesen

I løpet av juni får dei første bilane køyre gjennom Agjeldtunnelen på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

Det er nokre månader tidlegare enn Statens vegvesen først signaliserte.

– Vi har hatt ein mild og fin vinter, så framdrifta ute på vegen har gått betre enn venta. Det som no står att er å mure rundt portalane og plastre mot sjøen i austre del av tunnelen, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp.

Nøgde pendlarar

Foreldre står rasvakt ved Ugla.

RASVAKT: Olav Rune Haugen og Tanja Hage (t.v.) var mellom fleire foreldre som aksjonerte ved Ugla i august 2012.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Vegetaten har sjølv sett 2. juni som ein intern frist til å ha klar tunnelen. Då skal tunnelen gjennom tryggleiksgodkjenning og både vifter, naudutstyr og samband mot Vegtrafikksentralen vere oppe å gå.

20. mai skal det også gjennomførast beredskapsøving i tunnelen. Vegstrekka utanfor tunnelen skal vere ferdig til byrjinga av september.

– Eg såg mørkt på ein sommar til med seig kø i rushtrafikken, så denne opninga ser eg veldig, veldig fram til, seier Tanja Hage.

Stod rasvakt

Som pendlar har Hage dagleg køyrt forbi anleggsområdet som tek vekk eit smalt og svingete parti på vegstrekkja som er kåra til Norges verste veg. Spesielt sommarstid er det til tider trafikkaos, medan det gjennom heile året har kome ned stein frå fjellsida.

Ved skulestart i 2012 stod Hage og fleire foreldre med henne rasvakt då skulebussen køyrde forbi rasutsette Ugla.

– Vi kan kanskje køyre heile vegen utan å måtte stogge, utan å måtte rygge, utan å måtte vere usikker på om det kjem stein eller anna ramlande ned til ei kvar tid. Så kortar det sjølvsagt køyretida til og frå jobb, seier Hage.

Held på å plastre

Agjeldtunnelen

UGLA: Det blir støypt betongkant på toppen av skjeringa ved Ugla, for å hindre at snø, is og vatn skal renne fritt ned i vegen.

Foto: Ole Kristian Åset / Statens Vegvesen

Tunnelopninga vart nyleg klarert med vegeigar Sogn og Fjordane fylkeskommune, etter at NCC har lagt fram ferske framdriftsplanar som viser at tunnelen er klar for opning før heile anlegget står klart.

– Det blir arbeid ut august med skråningar og sluttføring langs vegen ute. Eit stort arbeid med plastring ned mot fjorden er i gang, og rundt to tredjedelar av dei 2500 kvadratmetrane med plastring er no utført, seier Huseklepp.

Står att 5,3 kilometer

Ved Ugla er ein i gang med å skru opp isnett og bygge betongmurar til å fange opp snø, is og vatn på toppen av skjeringa. Huseklepp fortel at det i forskjeringa til Vangebergtunnelen står att 6–7000 kubikk igjen å sprenge.

– Kva er det då som står att på Fylkesveg 60?

– Neste parsell, frå Ugla til Skarstein, er det ikkje løyvd pengar endå. Her har det berre pågått prosjektering, så den er klar til utlysing. Strekkja er kring 5,3 kilometer, av det 1,2 kilometer tunnel som vi gjer klart påhogg slik at kan starte tunneldriving så snart som råd.