NRK Meny
Normal

Skulle lande for første gong på eiga rullebane, men så var der ein hump...

Reidar Svalheim i Jølster skulle berre teste den nye flystripa han har laga til mikroflyet sitt. Det gjekk nesten bra ...

Sjå unik video av flystyrt i Jølster

FESTA DET PÅ FILM: Mikroflyet har ein toppfart på 215 kilometer i timen og plass til to personar. Når uhellet først var ute tysdag kveld hadde det heldigvis ikkje toppfart. Foto: NRK-tipsar

– Alt gjekk i grunn fint heilt til nasehjulet trefte ein hump, fortel pilot Svalheim.

Mikroflyet med toppfart på 215 kilometer i time hadde heldigvis ikkje toppfart då landinga skjedde tysdag kveld. Med seg på flyturen hadde Svalheim også ein kamerat i passasjersetet.

– Farten er berre rundt 40 km/t når vi landar, og når dette skjedde, stod vi praktisk talt i ro, seier Svalheim.

Stod lenge på vippen

Då nasehjulet trefte humpen, fekk flyet ein vipp, og vart ståande på nasen, bokstavleg tala, og vippe.

– Og der stod vi nokon sekund, seier Svalheim, som hadde ein passasjer med seg i flyet.

Men balansering er ein farleg sport, også for mikrofly. Så det gjekk som det måtte gå.

– Vi stod og vippa, og så tippa flyet. Det var då vi banna, seier Svalheim.

Flyet la seg roleg og fint over, dessverre med det resultatet at det vart skadar propellen og halen.

– Det er utruleg surt, meir er det ikkje å seie om den saka, seier Svalheim. som tok sertifikat på mikrofly i fjor haust.

(Artikkelen held fram under biletet)

Reidar Svalheim

IKKJE SKREMD: Reidar Svalheim understrekar at episoden var heilt utan dramatikk, og at han så raskt som råd vil på vengjene att.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Ikkje heilt nøgd med rullebana ...

– Litt bittert at første landinga på ny rullebane enda slik?

– Det kan du trygt seie. Eg er ikkje heilt nøgt med rullebana nett no, seier Svalheim.

Men han understrekar at episoden var heilt utan dramatikk, og at han slett ikkje har teke skrekken når det gjeld flyging.

– No får vi berre få fiksa flyet. Vi får sende av garde delane og få dei i orden att. Men det er surt, rett og slett, seier Svalheim, som sjølv har laga til den 150 meter lange rullebana til mikroflyet.

– Det er utruleg at det går an, men slik vart det no. Det er ikkje så mange andre å skulde på, seier Svalheim.

Created by InfoDispatcher

UNDER LANDING: Landinga gjekk ikkje heilt som planlagt på den 150 meter lange rullebana i Jølster. Foto/redigering: Oddleif Løset/Ole André Rekkedal

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.