NRK Meny
Normal

Mikrofly havarerte under avgang

Eit mikrofly havarerte like etter avgang på Førde lufthamn Bringeland. Ingen personar skal vere skadde.

Mikrofly ulukke Bringeland

HAVARI: Eit mikrofly har havarert på rullebana til Førde lufthamn Bringeland.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Det er eit mikrofly som har havarert under avgang. Det er ingen personskade, men flyet stengjer for augneblinken rullebana, sa lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal til NRK like etter ulukka.

To personar var i flyet då ulukka skjedde, men begge kom uskadde frå det. Gjesdal veit ikkje akkurat kva som skjedde då flyet havarerte, men fortel at det skal vere ein del skade på flyet.

Mikrofly ulukke bringeland

MATERIELL SKADE: Ingen personar vart skadd i ulukka, men flyet fekk ein del skader.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Klokka 19.50 fortel Gjesdal at politiet har frigjeve flyet og at dei ventar på kranebil som skal fjerne det frå rullebana. Kring 40 minutt seinare er flyet fjerna frå rullebana og det er venta at den vidare flytrafikken vil gå som normalt.

Var ein meter over bakken

Flyet hadde teke av før det havarerte.

– Så vidt eg har fått opplysningar var det så vidt teke av og komme ein knapp meter over bakken, seier lufthamnsjefen.

Flyet som skulle lande i halv sjutida frå Oslo vart omdirigert til Florø. På det tidspunktet visste ein ikkje kor lang tid det ville ta å rydde rullebana.

– Passasjerane som er sendt til Florø vil truleg bli frakta heim med buss. Vi håpar at dette ikkje skal gå utover ytterlegare av flytrafikken, sa Gjesdal.

Neste fly skal lande på Bringeland kring halv ni i kveld. Flyet som kjem frå Bergen skal etter planen kunne lande som normalt no når rullebana er rydda.

Mikrofly ulukke bringeland

HAR FRIGJEVE FLYET: Politiet har no frigjeve flyet og lufthamna ventar på kranebil som skal fjerne flyet frå rullebana.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Ei alvorleg hending

Mikroflyet er eigd av Stryn Luftsportsklubb. Piloten som køyrde flyet er eit såkalla fjernmedlem i klubben og er ikkje busett i Stryn. Leiar i klubben, Ole Anton Brekke, er glad for at dei to personane i flyet kom frå hendinga utan skade.

– Heldigvis er mikrofly laga slik at dei er lette, går relativt seint og det er små massar i rørsle. Då kjem ein oftare frå slike hendingar utan skade, men det er sjølvsagt ei alvorleg hending likevel, seier Brekke.

Han veit lite om kva som er årsaka til havariet, men seier det kan ha vore i samband med avgangen.

– Avgang og landing er dei mest krevjande delane av flygeturen. Men det er ikkje til å stikke under ein stol at det har vore for mange hendingar med mikrofly dei siste åra. Det er ikkje lenge sidan to personar omkom i ei mikroflyulukke på Hamar, og det sett preg på både meg og fleire, seier klubbleiaren.

Flyulukke Bringeland mikrofly

OPPRYDDING: Flyet fekk skader, og her er ein person i gang med å rydde opp.

Foto: Eirik Hildal / NRK
Laster kart, vennligst vent...

HAVARERTE: Flyet skal ha fått materielle skader i ulukka.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå