Hopp til innhold

Midttun Lie til Sogndal

LSK-spelaren Jon Midttun Lie har bestemt seg for å spele på Sogndal.

Jon Midttun Lie scoret Starts 3-0 scoring
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Overgangen frå Lillestrøm Sportsklubb (LSK) til Sogndal skjer umiddelbart, og Jon Midttun Lie blir leigd ut til Sogndal ut året.

Meir speletid

- Eg har vore veldig lite involvert i spel i Lillestrøm så langt i år, og eg er mest interessert i å spele fotball. Sogndal har vist interesse ei tid, så eg bestemte meg for å prøve Sogndal eit år, seier Jon Midttun Lie.

- Blir det ikkje eit sportsleg tilbakesteg å gå til Sogndal?

- Kamptilbodet mitt blir mykje betre, så det er heller ein opptur slik det ser ut no, seier han.

28-åringen hadde tilbod frå fleire klubbar, og måndag kveld bestemte han seg for å spele på Sogndal.

- Eg gler meg veldig til å trene med laget, seier han.

Styrkar laget

Sogndal-trenar Karl Oscar Emberland seier Jon Midttun Lie blir ein styrke for laget.

- Han er ein spelar som vil gjere oss sterkare totalt sett, både i treningsarbeid og i kamparbeid. Dette er ein god dag for oss, seier Emberland.

- Kor god er eigentleg denne spelaren som ikkje får plass på Lillestrøm?

- Vi hentar ein spelar som har tippeligaerfaring frå Sandefjord, Start og Lillestrøm. Han spelte mange kampar for Lillestrøm i fjor, seier Emberland.