Hopp til innhold

Midt i oljekrisa er dei i ferd med å lukkast

Etter år med venting og nedturar, ser det endeleg lysare ut for Lutelandet i Fjaler.
I går kom endeleg den første oljeriggen inn til industriområdet.

Fyrste oljerigg snart inne på Lutelandet i Sogn og Fjordane.

OLJERIGG PÅ PLASS: Oljeriggen Leiv Eriksson skal oppgraderast på Lutelandet i Fjaler. Sjå TV-saka.

Ti års ventetid var over då Leiv Eriksson som første oljerigg i går ettermiddag nådde Lutelandet.

Ytst i Fjaler på kysten av Sunnfjord har dei venta på eventyret som skulle komme. I 2012 stod det nye industriområdet framleis heilt utan aktivitet. Men i 2015, når offshorenæringa nærast har møtt veggen, går Lutelandet mot straumen.

– Vi ligg lageleg til, det er kort seglingstid frå mange av dei store felta til Lutelandet. Vi ligg midt i smørauget reint geografisk, seier Stein-Arne Ottesen, dagleg leiar Lutelandet Utvikling.

Dei neste vekene skal Leiv Eriksson oppgraderast, før boreriggen igjen skal ut i Nordsjøen. Førebuingane er òg i gong til det verkeleg store oppdraget: opphogginga av Yme-plattforma.

– Så vidt vi veit er det første gong i verda at ein tek heile oljeplattformar og demonterar dei på land. Det har aldri blitt gjort før, seier Ottesen.

I dag vart det vedteke å utsetje fortøyinga av Leiv Eriksson, på grunn av for mykje vind.