NRK Meny
Normal

- Vi slepp å gå på butikken og handle middag, og så skal vi ete det vi får!

"Kva skal eg ha til middag i dag?" er kanskje eitt av kvardagens mest stilte spørsmål. Det har fleire bedrifter svar på – mellom anna Adams matkasse, som no leverer matkassar for heile veka til husstandar i Sogn og Fjordane.

Familien Hugøy/Nielsen har fått Adams matkasse heim til seg

UTFORSKAR SPENNANDE MATKASSE: Så snart familien Nielsen/Hugøy har fått Adams matkasse i hus, må Betty-Mari (5 år), Levi (3 år) og mamma Katja undersøke innhaldet så fort som mogeleg.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Det ringer på døra, og lette barnesteg spring ut i gangen for å sjå kven som kjem.

Betty-Mari på fem år opnar døra til heimen på Ulltang i Førde, og utanfor står ein bodbilsjåfør med to svære kassar. Mamma Katja Ann Nielsen kjem for å ta imot den tunge lasta.

– Takk skal du ha, seier ho med to kassar i armane, sjåføren kvitterer og køyrer vidare til dei andre som ventar på dei same varene som Nielsen og familien.

– Det er min, det er min! roper Betty-Mari og veslebroren Levi på tre i munnen på kvarandre, før mora roar dei to ned og seier:

– Det er til oss alle saman.

Og det har ho heilt rett i. Innhaldet i kassane er nemleg råvarer som denne veka skal kokast, steikast og dampast til å bli middagsmat.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Adams matkasse full av varer

MIDDAG HEILE VEKA: Her er nokre av ingrediensane som skal bli middagsmat for familien på fire denne veka.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

10.000 øskjer i veka

Katja og familien hennar er ein av 10.000 heimar som denne veka får leveransar frå Adams matkasse, eit bergensbasert firma som spesialiserer seg på å levere middag på døra.

Det er berre ei hake: Du må lage han sjølv. Men råvarene og oppskriftene ligg klare, nøye plukka ut og målt opp.

– Det er mykje spennande, mykje frukt og grønt, i tillegg til kjøt og fisk. Det er ein del i kassen som vi ikkje har prøvd før, seier Nielsen medan ho og ungane undersøker kva som gøymer seg i kassen.

Ho fortel at barna er litt kresne i matvegen, og det er derfor ho og mannen har bestilt matkassa, for å kunne lage middag tilpassa heile familien.

Latskap? Det får så vere!

Kokken Adam Bjerck har laga vekas oppskriftshefte, der rettar som fiskegrateng, svinesteik og torsk står på menyen. Nielsen synst det er praktisk å få alt levert i ein kasse.

– Då slepp vi å gå på butikken og handle inn middag, og så skal alle ete det vi får. Så vi håpar det kan løyse problemet med at ungane er litt kresne, meiner ho.

Det sparer tid og krefter, og ikkje minst slepp ein å sende sms fram og tilbake kvar dag om kva ein skal ha til middag – da får det berre vere at folk kan kalle løysinga med matkassar for "latskap":

– Dei får no lov til å synast eg er lat viss det er det dei vil, men eg sparer gjerne energi der eg kan. Så om eg kan få levert mat rett på døra, og det i tillegg er sunt og variert og med gode råvarer, så skjønnar eg ikkje kvifor ein skal springe på butikken og ha hovudbry med det, seier tobarnsmora.

(Artikkelen held fram under biletet.)

frukt i ei kasse

FRUKT: Fem om dagen blir nok ikkje eit problem for familien Nielsen/Hugøy denne veka.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Frå Måløy til Bergen til Førde ...

Men kva med lokale råvarer? Kva med omsynet til miljøet? Kva med matsvinn? Korleis taklar bedrifta desse faktorane?

Matkassane vert sendteut frå Bergen, og Adams matkasser nyttar seg av ulike lokale produsentar, og hevdar sjølv at dei bruker gode og sunne råvarer.

Mange vil kanskje synast det er rart at ei råvare som fisk blir frakta frå Måløy via Bergen tilbake til kundane i Førde. Men det er ikkje så uvanleg, skal ein tru agronom og forfattar av "Handle rett" , Siri Helle.

– Det meste av maten vi finn i daglegvarebutikken, har nok vore på ein tilsvarande runde. Slik dei ulike aktørane er bygd opp no med store produksjonseiningar, så blir det meste av maten vi ser i butikken send rundt på ein slik måte, seier Helle.

Få ned matsvinn

Helle meiner det er positivt at nordmenn kan bli meir bevisste på maten dei et og kvar han kjem frå. Ho trur også at matkassane kan vere med på å få ned det store matsvinnet i landet.

– Vi kastar jo allereie ein fjerdedel av all maten vi kjøper i Norge, så om dette fører til at folk kastar mindre mat, så kan det vere eit miljøvennleg tiltak.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Gründarane bak Adams matkasse står samla rundt ei av matkassene

SUKSESS: Dagleg leiar Lasse Smedsvig i Adams matkasse.

Foto: Pressefoto, Adams matkasse

Dagleg leiar i Adams matkasse, Lasse Smedsvig, meiner at dei absolutt tar omsyn til miljøet.

– Fordelen vår er at vi ikkje har noko svinn på lageret vårt. Samanliknar du med ein daglegvarebutikk som kastar hundre, kanskje tusen kilo med mat i året, så kastar vi nesten ingenting. Vi kjøper akkurat det vi skal ha, seier Smedsvig.

– I tillegg, når det gjeld miljøet, så køyrer vi ut kassane u til alle kundane samtidig. I staden for at ti tusen privatkundar skal køyre til og frå butikken fleire gonger i veka, så køyrer vi ein gong, gjerne med mange kundar i same gate, avsluttar Smedsvig.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.