Hopp til innhold

Slik kan du få din eigen konsert med ein MGPjr-vinnar

– Eg kan reise langt og eg kan reise kort, og kjem både heim, på samfunnshus eller kvar ein ynskjer konsert, seier Oselie Henden.

Oselie Henden

AUKSJON: Oselie Henden har lagt seg sjølv under hammaren til inntekt for TV-aksjonen. –

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Fjorårets vinnar av Melodi Grand Prix junior vil så gjerne støtte TV-aksjonen.

Årets innsamlingsaksjon går av stabelen søndag. I år går pengane til Kirkens Bymisjon og deira arbeid for eit varmare og inkluderande samfunn.

– Eg er glad i samfunnet og andre menneske, og vil så gjerne hjelpe. Så då tykte eg det var ein god idê å prøve å auksjonere vekk ein konsert, smiler Oselie Henden frå Eid.

Bryr seg ikkje om beløp

MGPjr 2017

BRYR SEG: Oselie Henden vann MGPjr med ein song som handla om å bry seg. No auksjonerer ho vekk ein konsert til inntekt for TV-aksjonen.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Årets tema treffer Henden midt i hjartet. Ho vann MGPjr med songen «Verda vår», ein song som handla om flyktningkrisa. Denne veka sleppte ho også si nye låt «Hald mi hand», som handlar om vennskap og at alle bør støtte og ha nokon å vere glade i.

No håpar ho å kunne framføre songane sine til inntekt for TV-auksjonen. Så langt er høgste bod på konserten 1.000 kroner.

– Det er spennande å følgje med. Eg har ikkje noko forhåpning om kor mykje konserten er verd. Eg er uansett berre glad for å hjelpe til, seier ho.

Stor aktivitet

Oddrun Midtbø, fylkesleiar for TV-aksjonen, er glad for alt som skjer til inntekt for ei god sak. Siste seks vekene har køyrt mil etter mil gjennom fjordfylket for å promotere aksjonen.

Oddrun Midtbø skal leie TV-aksjonen i Sogn og Fjordane

FYLKESLEIAR: Oddrun Midtbø leiar TV-aksjonen her i fylket. – Det har vore så stor velvilje frå alle at dette har berre vore moro, seier ho.

Foto: TV-aksjonen

Velviljen har vore stor både hos private og næringsliv.

– Det er mykje spennande som skjer kring om i fylket. Hydro gir 1,1 millionar kroner, av desse 250.000 kroner herifrå fylket. Operaen i Nordfjord spanderer gratiskonsert og ein gullsmed skal auksjonere vekk eit smykke han laga til aksjonen, seier ho.

46,3 millionar til no

I skrivande stund er det samla inn 46,3 millionar kroner på landsbasis. Av dette nær 800.000 kroner i Sogn og Fjordane.

Det gir eit snitt på 7,23 kroner per innbyggjar. Godt bak både landssnittet på 8,73 kroner, og Møre og Romsdal som toppar fylkesstatistikken med 9,50 kroner.

– Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal plar knive om å gi mest per innbyggjar, så vi kan ikkje lene oss for mykje tilbake. Vi må berre stå på, oppmodar Midtbø.