NRK Meny

MGP-Oselie nominert til pris

Oselie Henden frå Nordfjordeid er nominert som årets stjerneskot i Nickelodeon Kids' Choice Awards. Sjåarane av barne-TV-kanalen står fritt til å stemme fram sine favorittar. Oselie vann MGP junior i fjor. Dei andre nominerte stjerneskota er Ylva Johnsen Olaisen, Kattekryp og Emma Ellingsen. Prisen blir delt ut 25. mars.

Oselie Henden, MGP-junior vinnar
Foto: Harald Kolseth / NRK