Hopp til innhold

MGP-arrangør satsar vidare - trass underskot på 100.000 kroner i fjor

Arrangøren bak delfinalen i Melodi Grand Prix i Florø satsar mot ein ny delfinale neste år. Selskapet gjekk i underskot i 2011, men har søkt fylkeskommunen om 750.000 kroner i støtte til ny delfinale.

– Me ynskjer å arrangere dette på ny fordi det er eit samfunnsnyttig arrangement for Sogn og Fjordane. Det er så mange som har glede av dette, så me kan ikkje berre drive det for pengane si skuld, seier marknadssjef i Hipp Hipp Flora, Per Øyvind Helle.

Hipp Hipp Flora har opsjon på å arrangere delfinale i Melodi Grand Prix i tre år. 2011 gjekk i pluss, medan 2012 gav eit underskot på 100.000. Helle forklarar dette med tap av sponsorar.

– Det me kan kalle ei lokal finanskrise er grunnen til tapet. Me er avhengige av private næringslivsponsorar, og tapte to store i fjor, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tooji under delfinalen i Florø.

NY MGP-DELFINALE I 2013: Hipp Hipp Flora ynskjer å få på plass ein MGP-delfinale òg neste år, og har no søkt fylkeskommunen om støtte.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ny giv til neste år

– Melodi Grand Prix har gjeve oss erfaringsgrunnlag for å arrangere store eventar. I tillegg skaffa delfinalen oss fleire sidearrangement i tillegg til Grand Prix-veka, seier marknadssjefen.

Dei ynskjer mellom anna å starte ein vinterfestival i Florø.

– Me såg at den dagen MGP forsvinn for oss, så er det grobotn for ein varig vinterfestival. Difor vil me leggje inn ein del ressursar i MGP-arrangementet, for å utnytte dei positive ringverknadene som det fører med seg. seier han, og held fram.

Berre økonomien det står på

– I fjor arrangerte me nokre spinnville arrangement, blant anna i Trovik-bakken. Der var det over 1000 menneske som fekk med seg skihopping.

Dersom Hipp Hipp Flora ynskjer det siste året med MGP-delfinale, så er det berre økonomien det står på.

– Finansieringa er alt i dette biletet, og der er det Flora kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune som er viktigaste bidragsytarar. Om alt fell på plass så vonar me at me kan annonsere MGP-delfinale i Florø innan 1. juni, avsluttar han.