Har 19.000 følgarar på Instagram - no er han klar for hundretusenvis på julekvelden

SOGNDAL (NRK): Aksel Hauge Vedvik frå Bremanger blei for alvor kjend gjennom MGP-Junior. No er den populære 12-åringen klar for NRK1 på sjølvaste julekvelden.

Aksel Hauge Vedvik

SVEISEN KAR: Aksel Hauge Vedvik (12) gjer seg klar i garderoben før han skal på scena i Sogndal. Saman med mange andre frå fylket skal han synge for fullsett hus, og ikkje minst for TV-sjåarane.

Foto: Christian Blom / NRK

Sveisen må på plass før han går på scena! MGP-Aksel, som han fort vart heitande, er ein av mange artistar som i kveld spelar på NRK Sogn og Fjordane sitt store arrangement, Julelutt.

I år er Kulturhuset i Sogndal åstad for hendinga, og denne gongen blir konserten teken opp og skal sendast på NRK1 julaftan.

– Det er utruleg kjekt at konserten skal sendast på sjølvaste julekvelden. Då får jo heile Norge sjå meg, seier Aksel Hauge Vedvik til NRK.

Les også: Popartist Eva Weel Skram syng duett med onkelen i NRK Julelutt

Les også: Far og dotter i duell om Luttprisen

Heilt utseld i Sogndal

Vi møter han rett før generalprøva i kulturhuset, og den unge energibunten er klar på at no skal det leverast så det syng etter. Men litt førebuingar må til.

– Eg varmar opp stemma og fiksar meg litt på håret og ordnar meg. Så øver eg litt. Er vel kanskje berre det eg gjer, seier Aksel og gliser.

Saman med langt meir erfarne artistar som Tone Damli og Eva Weel Skram, skal Aksel underhalde heile det norske folk. Men først laurdag kveld, med to smekk utselde konsertar. Det har vore stor rift etter billettar.

Laurdag kveld blir også Luttprisen 2014 delt ut, og straks etter utdelinga kan du lese om kven som får prisen her på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider.

Les også: Lagar musikk på guterommet – snart står han på scena i Oslo Spektrum

19.000 følgjarar på Instagram

Aksel synes det er kjempestas at han får vere med på årets utgåve av Julelutt, saman med mange av dei mest kjende artistane frå Sogn og Fjordane.

Undervegs i intervjuet fortel Aksel at han har heile 19.000 følgjarar på Instagram, og at skaren av fans stadig aukar.

– Eg synes det er ei ære. Eg anar ikkje korleis det har skjedd, men eg synes det er veldig morsomt. Eg har mange fans der eg bur også, fortel han gledesstrålande.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.