Hopp til innhold

Meteorologen: No kjem godvêret!

Snart kjem sola, men det gjer nattefrosten òg. Send oss gjerne dine bilete frå vêret der du er i Sogn og Fjordane.

Naust i vårsol på Frøya

VON OM SOL: Knapt noko er like godt som vårsol på vinterleie kroppar.

Foto: Jan-Egil Eilertsen

– Sola kjem no i helga, så får heller sommaren komme når den kan, seier statsmeterolog Frode Hassel.

Om det ikkje vert sommartemperaturar, så kjem sola og våren til helga.

– Det er utrygt for enkelte byger på fredag, men det vert lengre periodar med sol. Frå laurdag av får vi til dels pent vêr i fylket, men med ei viss fare for lokal morgontåke i helga, seier Hassel.

Store delar av fylket får ein fin start på helga med stort sett bra vêr. Er vi ekstra heldige kan dette vare ei stund.

– Vêret ser ut til å fortsette inn i neste veke til tysdag. Frå onsdag av er det meir usikkert. Er vi heldige med at dette slår til framover, så kan vi få ein litt lengre periode med bra vêr, seier Hassel.

Fare for nattefrost

– Dei beste dagane får vi sundag og måndag med dagtemperaturar på kring 10 grader i låglandet, seier Hassel.

Med bra helgevêr vil det kunne vere fare for nattefrost, åtvarar Hassel.

– Når det klarnar opp meir og meir til helga, så er det natt til laurdag og sundag ein viss fare for nattefrost. Utover neste veke vil det vere noko kjøligare igjen.

Har du nokre fine vårbilete frå der du er? Send dei gjerne til oss via sms til 1987 med kodeord sf, Instagram merka med #nrksf eller på e-post sf@nrk.no.

Sjå alle bileta som er merka med #nrksf

Laster innhold, vennligst vent..