NRK Meny
Normal

Meteorologen: – Varmen er på veg

Den siste veka av april har bydd på både snø og frost, men fortvil ikkje. Meteorologen har gode nyheiter for helga og neste veke.

Har våren endeleg komt?

VÅRSTEMNING: Skikkeleg vårvêr er til å bli i godt humør av. Her får du nokre glimt av korleis folk i Sunnfjord gler seg over våren. FOTO/REDIGERING: Oddmund Haugen.

– Eg har eigentleg berre fint og varmt vårvêr å by på. Varmt er kanskje å ta litt hardt i for dagen i dag, men varmen er på veg.

Det seier ein smørblid statsmeteorolog Anders Sivle ved Vêrvarslinga på Vestlandet til NRK.no fredag ettermiddag.

  • Sjekk vêret der du bur på Yr.no

Fekk snøbyer på snarvisitt

Sivle veit nok godt at vestlendingane er begynt å bli passe lei av vintervêr no når mai månad nærmar seg.

Seinast i går var det meldt snø nesten heilt ned i fjæresteinane, til mange sin store frustrasjon. Både meteorologane og Vegtrafikksentralen oppmoda folk om å bruke vinterdekk.

Men no blir det berre betre og betre

Men sjeldan har vel songteksten «Kom, mai, du skjønne milde, gjør skogen atter grøn...», passa betre.

Når vi blar om i kalenderen på måndag, er det nemleg stor sjanse for at folk i Sogn og Fjordane gløymer det sure og kalde vårvêret vi har hatt til no.

– Gjennom helga vil temperaturen stige, og særleg neste veke ser det varmare ut, er lovnaden frå statsmeteorologen.

Vår i lufta

VÅR I LUFTA: Sjølv om mange vestlendingar kvir seg litt for å klage på vêret, så er det nok ekstra mange som gler seg over at vårvarmen endeleg er på veg.

Foto: Anna Gytri / NRK

Nærmar seg 20 varmegrader

Mange stader i Sogn og Fjordane har sola i dag skine frå nesten skyfri himmel. Ifølgje Sivle har temperaturane akkurat bikka ti grader ein del stader, men i løpet av helga vil folk kunne oppleve både 12, 13 og 14 grader.

I neste veke er det derimot håp om at det blir så varmt at ein kan finne fram kortbuksene.

– Eg trur vi skal passere 15 grader i neste veke. Det blir også ganske rolege vindforhold.

Ein rask kikk på Yr.no gjer at ein nesten kan begynne å lure på om vêret vi har i vente er for godt til å vere sant.

Ifølgje vêrvarsla frå Meteorologisk institutt kan det blir 18 grader i til dømes Sogndal, Vadheim, Nordfjordeid, og Førde på tysdag, medan det i Stryn er venta 15 grader og i Eivindvik 12 grader.

PS: Det kan vere verdt å merke seg at det trass varmare vêr i vente, kan bli nattefrost no til helga.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå