NRK Meny
Normal

Meteorologen lovar «bonus-sommar» neste veke

Skinande sol og temperaturar langt over 20 grader. Det er lovnaden frå meteorologisk for vêret i Sør-Norge neste veke.

Blå himmel over Breim

KANSKJE FJELLTUR? Slikt vêr skal det bli over heile Sør-Norge neste veke, om meteorologane sitt varsel slår til. Her frå Breim i Sogn og Fjordane.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Ifølgje temperaturvarselet til yr.no, så ligg det an til opp i 24 grader i skuggen i Indre Sogn, og høge temperaturar i heile landsdelen.

Dette optimistiske vêrsynet blir delt av statsmeteorolog Marit Helene Jensen ved Meteorologisk institutt.

– Det er eit høgtrykk som byggjer seg opp over Sør-Sverige som gir sørlege vindar og mykje bra ver komande veke for Sør-Norge. Det er ein liten moglegheit for at det kan kome nokon regnbyer onsdag og torsdag. Men det ser ut for å bli veldig fine temperaturar. Over 20 grader mange stader og lange periodar med sol, fortel Jensen.

– Ikkje "indian summer"

Men for å helle litt malurt i begeret seier ho at dette strålande vêret nok er slutt når vi nærmar oss neste helg igjen.

Høgtrykket blir då litt svekka og det kjem inn meir nordlege luftstraumar, og dermed kjøligare temperaturar.

– Er det ein periode med "indian summer" vi ser no?

– Det er faktisk ikkje indian summer, for definisjonen er då at ein skal ha hatt betydeleg kaldare først og det er i så fall seinare på året. Men det er siste rest av det vi kan kalle ein «bonus-sommar», der vi får ein smak av sommar etter den eigentlege sommaren.

Sol også lenger nord

Slik varselet ser ut no, så kan også Trøndelag og fylka nordover også rekne med godt vêr, i alle fall i lange periodar.

– Men det blir ikkje fullt så varmt som i Sør-Norge. Aller best blir det nok på Austlandet der det er minst sjanse for byer og enda høgare temperaturar, konkluderer Jensen.