NRK Meny
Normal

Meteorologen kan ikkje love meir godvêr

Om du gleda deg over sol frå knallblå himmel i går og i dag, har meteorologen dårleg nytt til dei som ønskte meir av det utover i haustferieveka.

Alden

HAUST: Det blir ikkje mykje å sjå til sola dei komande dagane. Iallfall ikkje om ein skal tru meteorologen. Biletet er frå Alden ein dag skyene heng lågt over kysten av Sogn og Fjordane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er ikkje heilt gode utsikter framover, seier statsmeteorolog Tone Christin Thaule ved Vêrvarslinga på Vestlandet måndag ettermiddag.

Denne veka er det haustferie for tusenvis av skulebarn i blant anna Sogn og Fjordane og Hordaland.

Dei som brukar feriedagane sine i fjordfylket fekk ein solrik og kald start både søndag og måndag, men framover kjem det velkjende og våte haustvêret til Vestlandet.

– Utover kvelden i dag kjem det gradvis inn meir skyer, først høge og tynne skyer, men så kjem dei lågare og tjukkare skyene utover kvelden, seier Thaule.

Og verre blir det

Akkurat no ligg det eit vêrsystem like vest for Vestlandet, og dette slår for fullt inn i morgon. Men allereie i kveld skyar det altså til, og vinden aukar på.

– I kveld blir det søraustleg frisk bris utsette stader, men det er i hovudsak først i morgon at regnet kjem.

Tysdagen startar ifølgje meteorologen med søraustleg stiv kuling, før den dreier sørvest og minkar til frisk bris sør for Måløy. Men sjølv då vil det kunne blåse stiv kuling rundt Stad, fortel Thaule.

– Det blir regn i morgon. Først på dagen må du så høgt opp som 1000–1200 meter over havet før du får nedbøren som snø, men utover ettermiddagen og kvelden går snøgrensa ned til mellom 600 og 900 meter over havet i samband med at det kjem meir byer innover Sogn og Fjordane.

Ein reprise seinare i veka

Heller ikkje for dagane lenger ut i haustferieveka har statsmeteorologen godt nytt. Onsdag er det eit nytt vêrsystem som er på veg innover Vestlandet. Det gir igjen vindauke frå sør, og folk kan vente seg stiv, og kanskje opp i sterk kuling for Sogn og Fjordane sin del.

– Og det blir regn. Også onsdag går dette over, og det blir ein overgang til bygevêr utover ettermiddagen og kvelden.

Dei som er optimistiske av seg kan håpe at meteorologane sine prognosar tek feil, men det ser dessverre ikkje ut til at torsdag og fredag blir noko betre.

– Vi får det same vêret torsdag og fredag, er meldinga frå Thaule.

Sjekk vêret der du bur på Yr.no

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast