Hopp til innhold

Meteorologane har sendt ut trippelt OBS-varsel

Store delar av Sør-Noreg kan vente seg sterk vind, vanskelege køyreforhold og fare for snøskred.

Store bølger mot Kråkenes fyr

FRÅ LITEN TIL FULL STORM: På Vestlandet og i fjellet i Sør-Noreg er det venta kraftig vind fram mot fredag.

Foto: Thomas Bickhardt / Scanpix

– Det blir ein vinterstorm med mykje vind og nedbør som regn, sludd og snø. Skal du ferdast i fjellet, må du vere budd på vanskelege køyreforhold. I lågare strøk får ein sterk vind, seier meteorolog Martin Granerød.

Verst blir det på Vestlandet og i fjellet i Sør-Noreg. Her vil det blåse opp mot full storm frå onsdag ettermiddag.

– Vi får frå liten til full storm ute ved kysten. I utsette strøk kan ein få sterke vindkast frå 25 til 35 m/s. Dette vil auke på frå onsdag ettermiddag, seier Granerød.

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel om kraftig vind og vanskelege køyreforhold for Vestlandet sør for Stad og for fjellet i Sør-Noreg. For Rogaland og Agder er det sendt ut OBS-varsel om stor snøskredfare.

I Bergen har det vore kaos på vegane i morgontimane. Vinterstormen gjer at meteorologen åtvarar mot å ferdast i fjellet.

– Det blir eit døgn med mykje vêr. Eg ville ikkje tatt turen over fjellet det neste døgnet, seier Granerød.

Vêrvinnarane denne veka er Østlandet, Troms og Finnmark.

Obs-varsel for Vestlandet

OBS-varsel: Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for vanskelege køyreforhold, sterk vind og for stor snøskredfare.

Foto: Meteorologisk institutt

Dette er status på fjellovergangane:

E6 Dovrefjell – Snø- og isdekke

E16 Filefjell – Snø- og isdekke.

E134 Haukelifjell – Kolonnekøyring.

Riksveg 7 Hardangervidda – Stengt på grunn av uvêr.

Riksveg 9 Hovden-Haukeli – Snø- og isdekke.

Riksveg 13 Vikafjellet – Stengt på grunn av uvêr. Ny vurdering 16.februar.

Riksveg 15 Strynefjellet – Snø- og isdekke.

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – Snø- og isdekke.

Fylkesveg 50 Hol-Aurland – Snø- og isdekke.

Fylkesveg 53 Årdal-Tyin – Snø- og isdekke.