Hopp til innhold

Tok lærdom av Dagmar - endrar måten dei varslar uvêr på

Fleire kommunar vart varsla for seint om ekstremvêret Dagmar. No har Meteorologisk institutt teke lærdom og endrar måten dei varslar uver på.

Heile taket er vekk

HUSET VART RASERT: Vindkasta tok med seg taket på dette huset i Lodalen.

Foto: Hans Erik Myren / Privat

Dei vil også ha tettare kontakt med beredskapsavdelingane rundt om i landet.

Dei få som var oppe så tidleg første juledag at dei høyrde den lange vermeldinga på NRK P1 klokka 05.45 første juledag fekk med seg at det kunne bli mykje vind og regn.

Men det var likevel ikkje så mykje i vêrmeldinga som gav eit inntrykk av kva som verkeleg var i emning.

Varsla sterk storm nord på kysten

Meteorologen starta den 11 minutt lange monologen sin med at han hadde ein rikhaldig meny. Så kom ein lang sekvens om versituasjonen slik det var på morgonen. 2:20 ut i vermeldinga sa han at det var diverse ekstremvarsel.

4:10 ut i vermeldinga kom han til Sogn og Fjordane. Det vart varsla full storm ved Stad, og at det utpå kvelden ville auke til sterk storm i nord med mykje nedbør.

Her er heile vêrmeldinga:

– Ordet orkan sat langt inne

Seniorrådgjevar Dag Kristoffersen seier at Meteorologisk Institutt i framtida kjem til å vere meir offensiv i vêrmeldingane.

– Det sat nok litt langt inne å nemne ordet orkan. Vi såg nok ei teikning av at det kunne bli det, samstundes har vi vore litt varsame med å bruke ordet orkan, men dette var nok ein situasjon der vi kunne seie at på den nordlegaste kysten av Sogn og Fjordane og ein god del av Møre-kysten så kunne vi seie periodevis orkan.

Han held fram:

– Vi heldt lenge på sterk storm, men her var det hakket meir. Innover i fjordane brukar vi ikkje ordet orkan, men der får dei til gjengjeld kraftige vindkast, og det vart nemnt utover dagen, men ikkje med nok tyngde for ein del område i Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sven Flo

VARSLA FOR SEINT: Ordførar Sven Flo i Stryn.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Kort tid til å førebu seg

Styrken til Dagmar kom dermed overraskande på mange kommunar. Ordførar Sven Flo i Stryn vart varsla av ei tekstmelding ut på dagen 1. juledag.

– Det var nokre timar før det slo inn for fullt i vår kommune, og vi fekk nokså kort tid til å førebu oss, seier han.

Haavard Stensvand

NÆRARE DIALOG MED METEOROLOGANE: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Foto: Melinda Gaal

Det var beredskapssjef Haavard Stensvand som varsla kommunane.

– Uvêret kom i eit større område og råka fleire kommunar enn det vervaslinga hadde sagt frå om til oss på førehand.

Meir dialog med Fylkesmannen

I framtida vil meteorologane ta kontakt med beredskapsavdelinga til Fylkesmannen når dei ser at det kan bli uvêr som kan føre til skade, seier Dag Kristoffersen.

– Det er alltid vanskeleg å kome ned på dei heilt lokale områda og få varsla det godt nok. Med Dagmar gjekk det mykje på vind, då blir det eit fylkespreg på det, vi får fram hovudbodskapen.

(Artikkelen held fram under biletet)

"Dagmar" sine herjingar i Indre Nordfjord

KNUSTTIL PINNEVED: Slik såg det ut på Lovik Camping i Loen andre juledag.

Foto: NRK/Torje Bjellaas

– Viktig med lokal varsling

Campingvogner flaug som ospelauv i vinden i Loen. Nordfjorden trengde inn over Eidsgata på Nordfjordeid. No har Meteorologisk Institutt teke lærdom, og vêrvarslinga vil i framtida vere meir detaljert om lokale forhold.

Ordførar Sven Flo meiner meir lokal varsling er svært viktig.

– Det såg vi veldig klart under Dagmar. Det kunne vere nesten stilt i eitt dalføre, medan det var eit inferno i nabodalføret, så det vil vere veldig viktig for oss i framtida at dei kan gå ned på detaljnivå så langt det er mogeleg.

– Vi nemnde ting etter kvart for Sogn og Fjordane, men det vart lite fokus på sørlege og søraustlege delar av fylket. Der har vi ei utfordring, og det vil vi nok ha i framtida og, vi kan ikkje sende ut eit varsel med alt for mykje tekst. Det som blir viktig er å ha ein munnleg dialog undervegs, og då er vi avhengige av at den elektroniske kommunikasjonen fungerer.

Vil ta det viktigaste først

Beredskapssjef Haavard Stensvand er glad for at meteorologane no vil ha tettare kontakt. Slik kan vi betre førebu oss på det som kjem, seier han.

– Då har dei lokale beredskapsetatane ein sjanse til å sette seg i sving i forkant, dei kan syte for at folk blir kalla inn og er klare til innsats.

Meteorologane vil og endre rekkjefylgja i dette detaljerte vêrvarselet tidleg om morgonen, seier Dag Kristoffersen.

– I dag seier vi litt om vêrsituasjonen først, før den meldinga som er viktig for beredskapsfolka kjem. Dette vil vi snu om på, slik at det går fram med ein gong kva fylke det gjeld og kva varselet er.