Hopp til innhold

Meteorolog: – No bør du vurdere å bytte til vinterdekk

Haustvêret har vore fantastisk, men eit lågtrykk over Vestlandet gjer at det kan kome regn og sludd enkelte stader i dagane som kjem.

Kaldt i fjellet

MOT VINTER: På Filefjell vart det målt åtte minusgrader i morgontimane i dag.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Høgtrykket som har gitt oss fantastisk haustvêr over lengre tid syng på det siste verset.

– Det er eit lågtrykk i vest som etter kvart kjem til å dominere. Vinden kjem til å auke utover veka og frå i morgon vil det kome nedbør i form av regn, i indre strøk kan det kome sludd eller snø dei første timane, så ein bør kanskje vurdere å nytte dagen til å skifte til vinterdekk, seier statsmeteorolog Martin Granerød.

Utover veka vil temperaturane halde seg låge, det blir lange periodar med nedbør både onsdag og torsdag.

Martin Granerød, statsmeteorolog ved Vervarslinga for Vestlandet

VÊRET SNUR: Statsmeteorolog Martin Granerød spår meir normalt haustvêr i dagane som kjem.

Foto: NRK

– I kombinasjon med låge temperaturar, så kan det kome snø på fjellovergangane, seier meteorologen.

Vêrskiftet vil bli tydlegast i ytre og midtre delar av fylket. I indre strøk så vil det framleis bli mykje fint vær og det er venta lange periodar med sol. Samstundes er det store temperaturforskjellar: i ytre strøk er det venta temperaturar opp mot 9–10 grader og i indre strøk er det venta ned mot null.

Kaldast i morgontimane var det på Filefjell, der vart temperaturen målt til minus åtte. På Veitastrond i Luster viste gradestokken minus 5,6 klokka 6.00 i morgon tidleg. På kysten var temperaturen meir bedageleg, var åtte plussgrader vart registrerte både i Florø og på Svanøy.