Hopp til innhold

Meteorolog: – Det kan fort bli veldig glatt

Overgangen til mildvêr gjer at det er sendt ut OBS-varsel for å åtvare mot særs vanskelege køyreforhold i store delar av Sør-Noreg.

Glatt vei

GLATT VEGBANE: Det blir vanskelege køyreforhold på grunn av regn som frys på bakken. Dette er eit illustrasjonsbilete.

Foto: Ulf Erik Hansen / NRK

– Vi går frå kvit til våt nedbør, noko som byr på utfordringar. Når regnet treff bakken kan vi få særs glatte vegar, åtvarar meteorolog Aslaug Skålevik Valved.

Overgangen frå kalde vinterdagar til plussgrader byr på utfordringar både i fjellet og på vegane dei neste dagane.

Det er sendt ut varsel om vanskelege køyreforhold frå Møre og Romsdal i nord til Agder i sør. Meteorologen ber alle som skal ferdast i trafikken om å ta det roleg.

– Det er spesielt i midtre og indre strøk det fort kan fryse på, så det er venta færre problem i ytre strøk. Bilistar må vere forsiktig på vegane torsdag og fredag, seier Valved.

I Rogaland og Vest-Agder er det venta mykje nedbør. I Rogaland kan det lokalt komme 40–60 mm nedbør.

Kollektivselskapet Kolumbus melder om særs glatte vegar i Nord-Rogaland og Ryfylke. Der må alle busspassasjerar bu seg på forseinkingar.

Laster Twitter-innhold

Betydeleg snøskredfare

Vind og ein del nedbør gir betydeleg snøskredfare i store delar av Sør-Noreg både torsdag og fredag.

– Det er spesielt i sør det er venta mykje nedbør. Det gjer at vi har justert snøskredvarselet til betydeleg, seier Håvard Thorset ved varslingstenesta varsom.no.

Har du planar om skitur før helga, så bør du halde deg unna bratt terreng.

– Det er område som ligg i le for vind som er mest utsett. Hald god avstand til bratt terreng, seier Thorset.

Snøskred

PASS PÅ I BRATTE TERRENG: Med betydeleg snøskredfare er det lurt å halde seg unna bratt terreng, skriv varsom.no.

Foto: Skjermdump/varsom.no