NRK Meny
Normal

Metallprisen har falle - men framleis Hydro-overskot

Hydro sine aluminiumverk i Årdal og Høyanger gjekk med overskot også i tredje kvartal, trass i at prisen på metallet har gått kraftig ned dei siste månadene.

Lasting av aluminium i Høyanger

FRAMLEIS I PLUSS: Aluminium blir lasta ombord i ein Wilson-båt ved kaien til Høyanger Metallverk.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Årdal Metallverk hadde eit overskot på 55 millionar kroner i tredje kvartal. det er 31 millionar mindre enn på same tid i fjor. Til no i år har verket eit samla overskot på 361 millionar.

Egil Fredriksen

VANSKELEG Å SPÅ: Fabrikksjef Egil Fredriksen i Årdal.

Foto: Tony Hall / Hydro

Fabrikksjef Egil Fredriksen reknar med at det blir overskot også i årets siste kvartal. Men lenger enn det er det uråd å seie noko sikkert, seier han.

– Vi såg kor fort det snudde. For eit kvartal sidan prata vi om rekordresultat, og plutseleg tek kinesarane og sender ut ein god del halvfabrikata på marknaden, og så dett prisane. Vi må fylgje med på kinesarane, dei styrer mykje av LME-prisen.

Set nye rekordar heile tida

Men Fredriksen og resten av dei tilsette ved Årdal Metallverk har gjort mykje for å effektivisere drifta dei siste åra, og det skal vere med på å sikre drifta og arbeidsplassane framover.

– Vi set nye rekordar heile tida. Drifta har aldri vore betre. Elektrolysen kjem til å sette ein kanonrekord i år, sjølv om vi har ein gamal hall og gamalt utstyr. Den produktsatsinga vi gjer i støyperiet med vanskelege produkt og med kompetanseheving gjer at vi sikrar framtida til Årdal Metallverk. Vi gjer alle dei rette tinga.

Årdal Metallverk produserte 146.325 tonn flytande metall i dei ni første månadene av 2015, og ut frå støyperia kom det 159.170 tonn ferdige produkt i form av valseblokker og støypelegeringar.

Hydro Aluminium Årdal Metallverk

SET REKORDAR: Hydro Årdal Metallverk i Øvre Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Valutaen bergar resultatet

Wenche Eldegard

NØGD MED DRIFTA: Fabrikksjef Wenche Eldegard i Høyanger.

Foto: Johan Moen / NRK

Høyanger Metallverk hadde eit overskot på vel 34 millionar i tredje kvartal, det var nesten like godt som resultatet i same perioden i fjor (35,9 millionar). Til no i år har det minste av dei to metallverka i Sogn eit resultat på 139,4 millionar kroner.

Fabrikksjef Wenche Eldegard seier resultatet er som venta.

– Eg skulle gjerne ha hatt eit betre resultat, men med dei aluminiumprisane vi har no er eg godt nøgd. Vi har god drift, vi har god kontroll på det vi kan påverke sjølve. Men prisane på aluminium er ei utfordring, og akkurat det kan vi ikkje gjere noko med.

Ho er budd på at prisen på metall kan halde seg låg ei tid framover. Inntil vidare er det gunstig valuta i forhold til amerikansk dollar som bergar overskotet.

– Valutaen gjer sitt til at prisen i norske kroner ikkje er så aller verst. Det kunne ha vore mykje verre, så valutaen bergar oss, det er heilt rett.

I tillegg kan satsinga på produkt til bilindustrien vere med på å gjere at metallverka både i Årdal og Høyanger held hovudet over vatnet. Prisane på desse produkta gir betre marginar enn råaluminium.

Vegopning på Bergum i Førde kommune