Hopp til innhold

Metallkraft vurderer Høyanger

Gjenvinningsbedrifta Metallkraft AS vurderer no å etablere seg i den gamle C-hallen til Hydro i Høyanger.

Tidlegare har det vore kjent at firmaet vurderer å etablere seg i Årdal, men no er Høyanger like aktuelt, seier dagleg leiar Knut Henriksen til Firda.

Etablert i Kristiansand

Metallkraft skal ta ei avgjerd i løpet av få månader. Bedrifta driv med attvinning av avfallsprodukt i silisiumproduksjonen, og har etablert seg med 13 arbeidsplassar på området til Elkem i Kristiansand. Der kan dei ikkje utvide meir.

Aluminiumhallar ideelle

No ynskjer ein stor kinesisk kunde 40 gonger så mykje som det Metallkraft leverer i dag, og difor ser verksemda seg om etter ein stad med eigna lokale. Knut Henriksen vil  helst byggje opp verksemda her i landet. Og då er nedlagde aluminumhallar bortimot ideelle. 

Urealistisk tidsplan i Årdal

Metallkraft tok først kontakt med Årdal, men der seier Terje Laberg at det ikkje er realistisk at bedrifta kan etablere seg så fort som dei sjølve ynskjer. I Høyanger vil Metallkraft få ledige lokale mykje tidlegare enn i Årdal. I slutten av februar i år vart den siste omnen i C-hallen ved aluminiumverket i Høyanger slått av.

 Stor arbeidsplass

Dersom Metallkraft vel å etablere seg i Høyanger, kan det bety 30 nye arbeidsplassar i industribygda alt neste år. Metallkraft har planar om å byggje seg opp til 130-140 tilsette om tre-fire år.