Hopp til innhold

Fans i ekstase over at metall-guruar kjem til Malakoff

NORDFJORDEID (NRK.no): – Dette har eg hatt øvst på ønskelista i over fem år, seier Emil Rasmussen i Førde. Det svenske bandet Opeth kjem til neste års Malakoff-festival – og det set metal-fans i ekstase.

Opeth

LEGENDER: For mange metall-fans er karane i Opeth for legender å rekne. I juli kjem dei til Malakoff rockfestival på Nordfjordeid, og forventingane er store.

Foto: Olle Carlsson

Det er ei legendarisk gruppe som kjem til rockefestivalen på Nordfjordeid 17.–19. juli

neste år. Svenskane i Opeth har vore kongar på metallscena sidan 1990-talet, og har etter kvart fått ein hærskare av fans over heile verda. Her heime kokte det i sosiale medium då nyhenda vart slept.

– Dette er eit av dei banda eg liker aller best. Dei skil seg ut frå mengda. Det dei lagar er ei vandrande historie fortalt i musikk, fortel ein oppglødd Emil Rasmussen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Emil Rasmussen

IHUGA: Ein draum vert til røyndom for Emil Rasmussen når Opeth kjem til Malakoff rockfestival neste sommar.

Foto: Birger Meland / NRK

Han er ein av ungdommane bak Sunnfjord Metalevening, som vart arrangert i Førde 30. november. Rasmussen har lenge ønskt at Opeth skal kome til Malakoff, og i juli vert draumane til røyndom.

– Dette har vorte ein stor snakkis i miljøet, så det er mange som gler seg, trur Rasmussen.

Han meiner det er kvalitetsforskjell mellom Opeth og andre metallband.

– Dei har det vesle ekstra når det kjem til komponering – det er noko som ligg i sjela. Kvart medlem i bandet har sin eigen spelestil, seier metall-fanen.

Har ønskt seg bandet lenge

Festivalsjef i Malakoff, Arnt-Ivar Naustdal, fortel at dei har jobba lenge for å få bandet til festivalen.

– Dette er eit resultat av mange års arbeid. Opeth er eit av dei mest anerkjente metall-banda i heile verda – det er levande metall-gudar som no kjem til Eid, seier Naustdal.

Etter at programmet for neste års festival vart lagt fram har billettsalet fått ein oppsving.

– Dette er svært gledeleg. Me har selt mykje billettar allereie no før jul, seier festivalgeneralen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arnt-Ivar Naustdal

GLEDE: Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal har jobba i mange år for å få Opeth til Malakoff.

Foto: Stian Sjursen / NRK

Og sjølv om svenskane har halde på sidan midten av nittitalet, har dei også mange unge fans.

Seinaste i går fekk eg besøk på festivalkontoret av nokre ungdommar som var super-lykkelege over at me hadde booka Opeth. Eg fekk både klem og blomar – og dette var gutar på 18–19 år. Så det er like mykje eit band for unge musikkelskarar som for dei som har høyrt på dei sidan 1990. Eg gler meg veldig, avsluttar Naustdal.