NRK Meny
Normal

Mest truleg drepen av okse

Den førebelse obduksjonsrapporten viser at mannen som natt til måndag vart funnen død på eit beiteområde i Eid, hadde store indre skader.

Dermed stadfestar obduksjonsrapporten politiet sin teori om at den 38 år gamle gardbrukaren vart stanga ihel av den 500 kilo tunge oksen.

- Mannen var på beitet for å sjå til ei ku som skulle kalve. Det gjekk ein okse der saman med fleire kyr. På staden der mannen er funnen er det svært mykje dyretrakk, og vi har funne jord på hovudet til oksen, jord av same typen som i det myrområdet mannen vart funnen, sa lensmann Vebjørn Moa til NRK Sogn og Fjordane tysdag 16. mai.

Bergens Tidende skriv torsdag at den 500 kilo oksen vart sett på bås måndag, og send til slakteriet dagen etter.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast