Hopp til innhold

Mest lønsamt å byggje kabelferje

Det vil løne seg for fylkeskommunen å byggje kabelferje til Hisarøy i Gulen.

Trude Brosvik
Foto: Randi Indrebø / NRK

Den meldinga fekk fylkespolitikarane frå gulenordførar Trude Brosvik i går kveld.

- Slik vi ser dette frå Gulen, så vil dette lønne seg, seier ho.

Vil kunne spare 20 millionar

Dei kring 45 fastbuande og skipsverksemda på Hisarøy har til no fått gods med godsbåt, men ruta skal leggjast ned og erstattast av ein samfunnsbåt, som skal frakte både passasjerar, gods og ambulansepasientar.

For at båten også skal kunne ta gods til tungindustrien på Hisarøy, må den vere av ein storleik som gjer at det er behov for fleire nye kaier som fylkeskommunen må koste.

Dersom ei kabelferje blir bygd over det 800 meter breie sundet, kan ein mindre samfunnsbåt brukast og då er det ikkje nødvendig å byggje nye kaier. Då vil ein kunne spare dei kring 20 millionane ei kabelferje med tilkomstvegar vil koste.

Vil vere bra for ytre Sogn

- Eg trur dette som ein pakke som vil vere eit veldig godt tilbod til ytre Sogn. Vi snakkar om ei lita ferje som tek nokre få bilar med eit mannskap på ein person. Ferja går etter nokre kablar som ligg nede i sjøen. Kystverket seier at det er heilt greit å trafikkere dette sundet med ei kabelferje, fortel Brosvik.

Kabelferje er alt i bruk i Masfjorden, sør for Gulen.

Politikarane vurderer kabelferje

Politikarane ville ikkje gi konkrete meldingar tilbake til Gulen måndag kveld, men Liv Henjum, som er leiar i samferddleutvalet, viser til at det blir jobba med nye opplegg i kommunen.

- Der er ein prosess der også det med kabelferje blir vurdert. Det er ein del av ein pakke vi vurderer i forhold til det å finne tenlege løysingar for transport i ytre Sogn.