NRK Meny
Normal

Merkar at bommen er vekke

Bortfall av Fjærlandsbommen har sett fart i sesonkortsalet til Sogndal Fotball.

Slik jublar glade Saftkokarar etter Sogndal-scoring.

BLIR FLEIRE: Sogndal håpar å selje like mange sesongkort i 2011, som dei hadde i publikumssnitt i år.

Foto: Oddleif Løset / NRK

For Sogndal sin del kunne ikkje Fjærlandsbommen blitt historie på eit betre tidspunkt.

- Timingen er perfekt marknadsmessig i høve til å drive underhaldningsidrett slik vi gjer. No har vi tidenes moglegheit til å lage ei skikkeleg flott råme med 15 heimekampar som eg håpar og trur folk vil hugse i lang, lang tid, seier arrangementsansvarleg Geir Inge Heggestad.

Håpar på 2 000

Så langt er 1077 sesongkort selde, men i klubben håpar dei at tal sesongkort vil vere dobla i høve fjorårets 980 når sesongen sparkar i gong 19. mars 2011.

Berre seks av sesongkorteigarane frå i fjor har så langt ikkje fornya sesongkortet etter opprykkssesongen.

- Det er formidabelt, og vi er veldig, veldig godt nøgde. Så langt har vi seld kring 100 fleire enn i heile fjor. Og dei fleste veit nok at det heldigvis er fire månadar til seriestart, seier arrangementsansvarleg Geir Inge Heggestad.

Fleire fjordingar

Heggestad seier dei merkar at bomstasjonen i Fjærland er historie. Av dei kring 100 nye sesongkorteigarane, er kring 40 frå Sunnfjord og Nordfjord. I tillegg har ti nye sesongkort teke turen over fjellet til Hemsedal og Gol-området.

For fjordingane sin del har det slått positivt ut å sleppe å måtte betale 360 kroner i bompengar for å sjå fylket sitt flaggskip i fotball.

- Alle skjønar det er gjevare med Rosenborg og Brann enn med Alta og Sandnes Ulf, utan å forkleina dei to siste. Men folk i 2010 er kresne for kva vil betale for og no har alle som har eit snev av fotballinteresse ein fantastisk mulighet til å sjå tippeliga i Sogndal. I tillegg til at bomen er vekke, så er dette ein «vinn vinn»-situasjon. Vi har tidenes moglegheit til å fylle Fosshaugane Campus på dei aller, aller fleste kampane, seier Heggestad.

Kan selje 3 000

- Vi sel merkbart mykje meir i Sunnfjord og Nordfjord enn vi har gjort tidlegare, legg Heggestad til.

Når bygda no lokkar med bomfri eliteseriefotball, håpar klubben på kring like mange selde sesongkort som årets publikumssnitt på 2005 tilskodarar. Fosshaugane Campus har ein kapasitet på 3 700 tilskodarar. Sogndal kan selje kring 3 000 sesongkort.

- Vi har eit hårete mål om å nå 2 000 sesongkort. Det er det talet som er nærast oss. Det hadde vore utruleg moro å nådd det talet og hatt det i botn før tippeligastarten, seier Heggestad.

Tidenes moglegheit

Heggestad fortel at dei allereie over nyttår reknar å passere dei 1 500 sesongkorta dei har budsjettert med å selje. Dette fordi klubben sine eigne aldersfastlagde spelarar får tilbod om sesongkort gjennom treningsavgifta. Erfaringsmessig sel dei også når fotballfeberen stig nærare seriestart.

I 2011 vonar Sogndal, i endå sterkare grad, vere eit fylkeslag - både på og rundt grasmatta på Fosshaugane.

- For oss er det viktig å gjenerobre tittelen at vi skal vere eit fylkeslag. Det var noko Harald var veldig oppteken av då kom før 2010-sesongen. Medrekna Eirik Bakke er 13 av spelarane i stallen frå fylket, og å få med oss heile fylket til å gjere Fosshaugane til vår festning er viktig for oss. Vi har tru på at vi skal klare det, seier Heggestad.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser