NRK Meny
Normal

No skal Astrup begeistre kunstpublikummet i Norge

Bier på taket, humlesti, rabarbra i store mengder – og rugkorn og poteter. Nikolai Astrup-kunsten har kome til tigerstaden.

Solveig Berg Lofnes

SPENNANDE: Solveig Berg Lofnes og Arne Sandnes (t.v.) er mellom jølstringane som har teke turen til hovudstaden og opninga av Astrup-utstillinga.

Foto: Privat

Kring 40 000 gjesta utstillinga i London. No skal Jølster-kunstnaren sine verk glede kunstpublikummet i Oslo og Norge.

I kveld står kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) for den offisielle opninga.

– Det er ei fantastisk hending, og noko vi har snakka og drøymt om i mange år. Det er ei praktutstilling, strålar Solveig Berg Lofnes, styrar ved Astruptunet og Eikåsgalleriet.

– Alle var begeistra

Delegasjon frå Jølster på Astrup-utstillinga

STOLTE: Ordførar Oddmund Klakegg (t.v.) deltek for andre gang i år på opninga av Nikolai Astrup-utstillinga.

Foto: Privat

Onsdag kveld deltok Lofnes på ei lukka visning av Astrup-utstillinga på Henie Onstad-museet på Høvikodden i Oslo.

Utstillinga er den største som har vore med Jølster-kunstnaren.

– Alle var begeistra. Det er ei utruleg flott blanding, med bilete frå Sparebankstiftinga, Kode og private. Eg talde 106 verk, det er mykje måleri og spennande bilete som har vore veldig lite utstilt. Det er spennande, seier Lofnes.

Håpar på 50.000

Det er Sparebankstiftinga DNB som lanserer Astrup internasjonalt. Det starta med London i vår og seinare i haust står Emden og Tyskland for tur. Stiftinga har siste sju åra brukt 30 millionar kroner på lanseringa.

Avdelingsdirektør Anders Bjørnsen i Sparebankstiftelsen DNB sa tidlegare til NRK at han håpa på 50.000 gjester i Oslo.

– Nordmenn likar suksess i utlandet. Så vi håpar nordmenn vil sjå det same som utlendingar skryt så mykje av i utlandet, sa han.

Rabarbra i hopetal

Arrangørane har strekt seg langt for å gi kunstpublikummet ei oppleving utover dei mange kjende motiva frå Jølster. For å aktualisere og tematisere kunstnaren sitt engasjement for naturen, er det sett i gang fleire prosjekt på Høvikodden.

Publikum kan oppleve bier på taket, ekspedisjon i humlestien i skulpturparken og både rugkorn og poteter. Rabarbraen som Astrup er kjend for, er godt synleg ute som inne.

– Det var mykje rabarbra. Ein stor skråning med rabarbra var faktisk noko av det første vi møtte, og i går kveld fekk vi rabarbrakake, fortel Lofnes.

Auka interesse

Utstillinga skal vere i Oslo til 11. september. Då går den vidare til Emden og Tyskland. I mellomtida er Lofnes budd på auka interesse kring Astrup, kunsten og livet hans.

– Vi merkar allereie no at både begeistringa og interessa er større enn før. Men vi veit eigentleg ikkje heilt kva vi har i vente, seier ho.

På sikt vil dette auke krava til Astruptunet, som årleg har kring 3.000 besøkande.

– Vi står midt i det no, og veit ikkje heilt vegen vidare og kva vi har i vente. Vi er for så vidt i gang med ein del forbetringsprosjekt på gjenstandar og bygningar, samt kartlegging av hagen, seier ho.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast