Hopp til innhold

Merete let ikkje diagnosen stogge gründerdraumen

JOSTEDALEN (NRK): Livet i rullestol har ikkje hindra ho i å starte eige firma. I dag er kvar tredje med CP-diagnose i arbeid.

Merete Aasen Aasen språk og sprell

SIN EIGEN SJEF: – Kjem ein inn i større bedrifter, veit ein aldri korleis det er tilrettelagd for å kome seg rundt i rullestol, seier Merete Aasen.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Å starte for seg sjølv er kanskje ikkje det enklaste ein gjer, men ein skal ha eit liv som er meir enn å sitte heime, seier Merete Aasen (28).

Ho har cerebral parese og kunne vore ein del av statistikken over dei som hamnar utanfor arbeidslivet. For Aasen var det aldri eit alternativ.

– Eg vil jo jobbe og bidra. Eg får så mykje hjelp, og då kan eg gi tilbake.

– Sjå ressursane til den enkelte

– Me treng eit arbeidsliv som inkluderer og ser ressursane til den enkelte, seier Eva Buschmann, som er generalsekretær i Cerebral Parese-foreininga.

Ho anslår at kvar tredje med CP-diagnose i dag er i arbeid.

– Det skal ofte ikkje så store tilretteleggingar til før ein person med funksjonsnedsetting, som følger av cp, kan gjere ein god jobb, seier ho.

Studieår i utlandet

Det var i niande klasse at Merete Aasen byrja å vurdere kva retning hennar framtidige karriere kunne ta. Ho fekk gode karakterar i språkfaga og fann mykje glede i litteratur.

– Eg tenkte på tolk, men likar ikkje å prate framfor folk. Så kom eg over eit omsetjar-studie i Kristiansand. Den einaste «haka» var at eg måtte ta eit studieår i utlandet.

Med ein kvardag i rullestol, heilt avhengig av personleg assistanse, kunne ferda ha stogga her. I staden gjekk han til Irland og studiar i omsetjing.

– Eg trur mor kvidde seg meir enn meg, seier ho, og smiler.

No er ho attende i heimbygda. I eit lite kontorfellesskap tett på bre og bratte fjellsider har ho starta sitt eige omsetjingsfirma.

Merete Aasen

LUNSJTID: Den unge gründeren meiner det er viktig å skilje jobb og fritid, og har derfor funne seg godt til rette i kontorfellesskapet på Jostedal Industrier.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Viser god kompetanse

Eva Buschmann let seg imponere over kva den unge gründeren har oppnådd.

– Ho er eit godt eksempel på kva som er mogleg å få til. Eg tenkjer der er viktig at samfunnet, og arbeidsmarknaden særskilt, ser at dette er mogleg.

Ho understrekar at utdanning er nøkkelen og viser til ei undersøking frå 2013 som syner at medan 41 prosent av befolkninga har høgare utdanning, gjeld dette berre 14 prosent av personar med fysisk funksjonsnedsetting i undersøkinga.

– I kva grad ein klarer å gjennomføre ei utdanning har mykje å seie for om ein kjem seg i arbeid. Det er derfor viktig at barn og unge med CP og andre funksjonsnedsettingar får tilrettelagt skulekvardagen, slik at dei kan få bruke ressursane og evnene dei har, seier ho.

I riktig retning

Nav, ved seniorrådgjevar Vegard Knudsen, skriv i ein e-post til NRK at dei opplever at utviklinga går i riktig retning.

– Me opplever at stadig fleire arbeidsgivarar ønskjer å legge til rette for at fleire skal kunne vere i arbeid. Nav kan også hjelpe til med verkemiddel og tilrettelegging dersom det er behov for det.

– Eg opplever at både eg og Nav har interesse av at eg er i arbeid, seier Merete Aasen.

Med brukarstyrt personleg assistanse (BPA), samt funksjonsassistanse, har ho på dagtid godt selskap med ein av sine fire assistentar.

I oktober feira firmaet hennar to år. Mykje skuldast eigen vilje og innsats, men ho hadde ikkje greidd det utan familien, seier ho.

– Det er familien som har gjort meg tøff. Dei har vist meg at alt kan gå, berre ein legg til rette for det.

Inspirasjon på kontorveggen til Merete Aasen

INSPIRASJON PÅ VEGGEN: Over sitatet til Pippi markerer fire gullstjerner milepælar i talet på oppdrag for det vesle firmaet.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK