Hopp til innhold

Var sexslave i 15 år – no kan Yasmin endeleg starte eit nytt liv i Noreg

FLORØ (NRK): I 15 år blei Yasmin misbrukt og utnytta som sexslave. No har menneskehandel-offeret endeleg fått varig opphaldsløyve.

Yasmin får opphaldsløyve

STOR GLEDE: Yasmin (t.h) kan endeleg sleppe jubelen laust etter at ho har fått varig, midlertidig opphaldsløyve frå UNE. Nemnda vurderer helsesituasjonen hennar som svært alvorleg.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I 2009 kom Yasmin og bakmannen hennar til Noreg, då klarte ho å rømme til krisesenteret i Florø.

Då starta den lange og vonde kampen for å bli trudd og for å kunne starte eit nytt liv. Rett før helga kom avgjerda til Utlendingsnemnda (UNE).

– Eg blei kjempeglad. Vi har kjempa for dette i ti og eit halvt år. Eg måtte be Yasmin setje seg ned før eg kunne fortelje det. Det betyr så mykje for ho.

Gav aldri opp kampen

Det seier Wenche Hovland, mangeårig leiar for Krisesenteret og Yasmin sin ven og støttespelar gjennom fleire rettssaker.

I mai 2016 bestemte Høgsterett at det ikkje var brot på menneskerettane å sende Yasmin tilbake til Ungarn, der ho hadde blitt brukt som tvangs-prostituert.

Men i åra etter har kampen halde fram, samstundes som helsa til den somaliske kvinna har blitt dårlegare og dårlegare.

– Eg har vore veldig dårleg, seier Yasmin.

Fekk hjelp på Krisesenteret

Då Brennpunkt laga dokumentar om sexslaveri, var Yasmin ein av dei sterke røystene som stod fram og fortalde korleis ho blei utnytta.

– Eg var ein fugl i bur, men no har eg kome ut av buret, sa Yasmin i dokumentaren.

På Krisesenteret fekk ho vere fri frå overgriparane, men ikkje frå dei vanskelege tankane.

I dag er det vanskeleg for ho å uttrykkje kjensler på norsk, men Wenche Hovland fortel om sjølvmordstankar, mareritt, angst og tunge depresjonar.

– Det har vore grusomt for ho med opphald eitt år om gangen. Det er ein utryggleik som ikkje kan beskrivast for andre.

Saka skil seg ut

Det er UNE-leiar Johan Berg som no har bestemt at Yasmin får bli i Noreg og har gitt ho eit såkalla varig opphaldsløyve.

Det varer i tre år, men alt ligg no til rette for at styresmaktene gir ho endeleg opphaldsløyve i 2023.

– Ho er så dårleg at her var det berre ein ting å gjere. Denne saka skil seg nok litt frå dei vanlege helsesakene. Ho er dårlegare enn dei aller fleste. Det var grunnlaget for at vi kunne gjere unntak frå det strenge regelverket som er, seier Berg.

– Kan begynne å leve

NRK møter Yasmin og Wenche Hovland i nærleiken av sentrum av Florø. Dei held rundt kvarandre, dei pratar som venninner og dei smiler.

No kan Yasmin gå på skule, no han ho jobbe og ho får same rettar som andre.

– Ho har ingen tilhøyrigheit til noko land, det einaste ho har er i Noreg. No kan ho planlegge livet sitt og begynne å leve, seier Hovland og gir Yasmin enda ein stor sigersklem.

Afrikanske kvinner blir grovt utnyttet som sex-slaver i Europa. Da Yasmin meldte seg for norsk politi, var hun 27 år, analfabet og så syk at hun neppe noen gang kunne få en normal jobb. Hun flyktet fra en mann som har traffikert henne Europa rundt som sex-slave. Norske politikere lover at de som våger å vitne om sine bakmenn skal få beskyttelse, men Yasmins framtid er like usikker nå som da hun var tvunget til å leve som prostituert.

BRENNPUNKT: Saka til Yasmin fekk stor merksemd i Noreg, blant anna med denne dokumentaren til NRK Brennpunkt i 2016.