Hopp til innhold

Gjett kven som handlar mest i siste liten...

Kanskje ikkje overraskande, men det er menn som er mest ivrige på siste liten-gåvene før jul.

Birte Stenehjem

BERRE MENN: Birte Stenehjem har jobba på gullsmeden på Amfi Sogningen i snart fem år, og har aldri opplevd å hjelpe damer på sjølvaste julaftan.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vesle julaftan og julaftan er det mykje siste liten-handling, og då ser vi at det blir ein del fleire mannfolk på senteret, flirer Wilhelm Tangerud.

Han er senterleiar ved Amfi Sogningen i Sogndal og fortel om travle veker i innspurten før jul. Dei som kanskje er travlast er menn i alle aldrar som ikkje har fått ordna alt av gåver.

– Eg har att ei julegåve, så er eg i hamn, seier ein av dei mannlege kundane.

– Dette er veldig i siste liten, men det er eit par små ting eg manglar, seier ein annan før han hastar vidare.

– Slik har det vore i mange år

Skal du ut og handle julegåver i dag julaftan er det ein stor sjanse for at det er flest menn du møter i butikkane.

Førjulstida er over, og sjølv om dei fleste er ferdige med julehandelen er det nokon som kjem dinglande den siste dagen.

I Sogndal var det mange som nytta vesle julaftan til å handle dei siste gåvene, og det var eit kjønn som var overrepresentert. Spesielt hos gullsmeden.

– No dei siste dagane har det vore ein overvekt av menn som har vore innom, mange av dei er i siste liten, seier Birte Stenehjem som ekspederer gull- og sølvkjøpande kundar på Bjørklund.

– Er du overraska over det?

– Nei, det har vore slik år etter år, seier ho og smiler.

(Artikkelen held fram under)

Amfi Sogningen

BESTE I ÅRET: Den siste veka før jul er tradisjonelt sett den beste for handelsstanden i løpet av året.

Foto: Wilhelm Tangerud

Gjett kven kjem innom timar før julekvelden?

Og om dagane rett før julaftan er litt mannsdominerte, er det ingenting mot sjølve dagen.

– Eg trur ikkje eg tek feil om eg seier at eg aldri har hjelpt ei dame på julaftan, det har berre vore menn, flirer Stenehjem.

Og at trenden er slik er ikkje senterleiar Wilhelm Tangerud overraska over.

– Nei, eg er ikkje det, for eg kjenner meg att sjølv, ler han.

Beste veka gjennom året

Wilhelm Tangerud

KJENNER SEG ATT: Senterleiar Wilhelm Tangerud er ikkje overraska over at det er flest menn som er ute på siste liten-handel på julaftan.

Foto: Oscar Andersen

Unnsett, dei fleste kjem i mål til den store julekvelden, også med dei andre innkjøpa.

– Spesielt matbutikkane, og Vinmonopolet går godt dei siste dagane. For polet er vesle julaftan ein av dei største dagane i året.

Men også gullsmedane og dei utprega gåvebutikkane går godt. I vekene før jul får omsetnaden på senteret seg eit skikkeleg hopp.

– Vi har hatt ein vekst i desember, og det har vore frykteleg mange kundar på senteret. Det er vi godt nøgde med.

– Den siste veka før jul er den mest hektiske i løpet av året, og då omset vi for nesten fire gonger så mykje som på ei vanleg veke, seier Tangerud.