Hopp til innhold

Mengder av død hjort er funne i Sogn

Over 20 hjortar er funne døde i Måren ved Sognefjorden dei siste vekene. Bortsett frå i eitt tilfelle, er alle dei døde dyra unge kalvar.

Avliden hjort i Måren

DØD: Denne kalven vart funnen fredag like ovanfor ei av hyttene i Måren.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Dette er ei dyretragedie. Hjorten døyr av svolt, meiner grunneigar og jeger Jan Folke Pettersson i Måren.

Han fortel at dei siste tre-fire vekene er over 20 hjort funne i området. Og han fryktar det dobbelte er gått tapt om dei byrjar å leite oppover i liene.

– Berre fredag åleine vart tre døde kalvar køyrt på røysa, fortel Petterson.

Med unnatak av ei kolve, er alle dei døde hjortane kalv.

Jan Folke Petterson

TRAGEDIE: Jan Folke Pettersson har aldri telt meir hjort på bøen sin i Måren.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Hjorten går i fella

Jan Folke Petterson meiner det er for mykje hjort i Måren no.

– Eg har aldri telt så mykje hjort på bøen min som eg gjorde 22. mars i år – 66 stykke. Og då hadde fleire dyr gått forbi. Eg reknar med at det var over 70 dyr den kvelden, seier Folke Petterson, og fortel at førre rekord var 61 dyr.

– Det er ikkje mat igjen, det er snaugnagd det meste. Hjorten i Måren et no sprake, og dei har gnege barken av 50 år gamle epletre. Det seier sitt, meiner grunneigaren.

Han seier det spesielle med Måren er at hjorten går i ei naturleg «felle». Hjorten trekk ned i Måredalen når vinteren kjem, og når snøen legg seg djup i fjella, kjem den seg ikkje ut att.

Måren

FJORDBYGD: Måren ligg ved Sognefjorden og er del av Høyanger kommune.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Skjedd før

Jan Folke Petterson trur Måren har over 200 vinterdyr, og at på dette vesle område ved Sognefjorden er det ikkje nok mat til alle.

– Kva må til?

–Vi må få ned stammen. Kvoten var 40 fellingar i fjor, vi får 56 i år. Eg meiner det er for lite.

Jordbrukssjef Randi Dale i Høyanger seier at død hjort i Måren ikkje er ei ny problemstilling.

– Det er vanskeleg å konkludere med kva dei dør av. Men dei blir ståande på små areal, seier Dale.

Ikkje smittsam sjukdom

Seniorinspektør Terje Ramstad i Mattilsynet seier dei vart varsla om 11 døde kalvar berre i løpet av påskeveka.

Terje Ramstad, Mattilsynet

TESTA: Seniorinspektør Terje Ramstad seier Mattilsynet ikkje mistenker smittsam sjukdom.

Foto: Privat

– Vi fekk ein kalv til obduksjon. Den var avmagra, hadde ikkje feittreservar att på kroppen, og hadde parasittar, lungeorm mellom anna. Kva som var den primære dødsårsaka er ikkje kartlagt. Kalven er sendt vidare til analysar ved veterinærinstituttet, seier Ramstad.

Mattilsynet har ikkje grunnlag for å tru at hjorten er råka av smittsam sjukdom.

– Kalven vart testa mot skrantesjuke, og resultatet var negativt, seier Ramstad.