Hopp til innhold

Tilbake etter to års skademareritt – no vil Kristi (21) til EM

I helga konkurrerte friidrettstalentet Kristi Strømmen Kjerpeset (21) for første gang på to år. No vil ho til senior-EM.

Kristi Strømmen Kjerpeset

SYNLEG BEVIS: – Eg er i overkant av nøgd med halve løpet, men fekk litt problem og måtte slå av «motoren» mot slutten. Får eg trena optimalt framover blir det veldig spennande neste år, seier Kristi Strømmen Kjerpeset etter comebacket i helga.

Foto: Privat

– Det har vore tungt, men samstundes veldig motiverande med så mange støttande personar rundt meg. Eg har ofte spurt meg om det er verd arbeidet, men får same svaret kvar gong: Eg kan ikkje sjå føre meg eit liv utan friidrett, seier Kristi Strømmen Kjerpeset.

– Har meir inne

Allereie før ho kom i tenåra, vart 21-åringen sett på som eit heilt spesielt friidrettstalent . Som bror sin, seks år eldre Øyvind Strømmen Kjerpeset, sikta ho seg inn på hekkløp.

Kristi Strømmen Kjerpeset

NOREG: Kristi Strømmen Kjerpeset har representert dei norske fargane i tre av seks store internasjonale meisterskap.

Foto: Ståle Jan Frøynes / Norsk Sprint

Men siste to åra har ein trøblete hamstring, ein muskel på baksida av låret, sendt henne ut i ein vond sirkel med skadar. Med berre fire treningsøkter i beina, var ho tilbake med sølv på 100 meter hekk under junior-NM i Sigdal.

Tida 14,75 var seks tidelar bak gullmedaljen og sekundet bak hennar tre år tre år gamle personlege rekord.

– Tida er eg ikkje storveges nøgd med. Eg har ei heilt anna tid og grunnivå enn det eg viste i dag, seier Strømmen Kjerpeset og legg til:

– Ei sølvmedalje er alltid kjekt å ta med seg, men det viktigaste var uansett å vere tilbake i konkurranse.

Strukturert trening

Vegen tilbake har ho gått samstundes som ho har studert til tannlege i Oslo. Med seg på vegen har ho hatt trenar Eystein Enoksen, foreldrene og ein storebror Øyvind som studerer medisin på femte året.

Øyvind har skrive oppgåve på hamstring, og systera har vore forsøkskanin for å sjå kva som fungerer og ikkje.

– Eystein har mykje av æra for at treninga går som den skal. Saman har vi funne ein struktur som har gjort at eg gradvis har kunne trappa opp treninga att, seier ho.

Siktar mot EM

At ho har gått glipp av internasjonal meisterskap, plagar hennar ikkje særskilt.

– Det er tungt å sjå dei heimanfrå sofaen, men eg veit kva som bur i meg. Om det kjem i år eller om fire år, så er det like mykje verd, seier ho og gler seg til innandørssesongen tek til. Der er det ein gamal personleg rekord på 60 meter som skal tuktast.

– Og neste sommar er det Nordisk/Baltisk U23. Så er det eit senior-EM i Paris som eg har veldig lyst til å vere med på.

– Er ikkje det eit hårete mål å setje seg etter to år med skade?

– Ja, men med ein langt frå optimal treningssesong låg eg jamt på 13,7 og ned mot 13,5, dog litt for kraftig i medvind, i 2016. Med ein optimal treningssesong, er det råd å senke persen tre tidelar. Då er ikkje EM så hårete mål lenger.