Hopp til innhold

– Det kan vere store utfordringar innimellom

FØRDE (NRK): Susanne Håheim (23) må ha både tolmod og godt lag med hundar når ho kombinerer sine to største lidenskapar; fotografering og hund.

Susanne Håheim

HUNDEFOTOGRAF: Det er ikkje berre berre å ta bilete av hundar. – Alle bileta blir ikkje like bra, kanskje eitt av 100 bilete, seier Susanne Håheim.

Foto: Kaia Viki / NRK

– Kom her. Kom her snusedyr.

Uredigert foto av «Stella» og «Bea»

STELLA OG BEA: Slik vart det uredigerte biletet av «Stella» og «Bea». Hundane er av typen alpinsk dachsbracke.

Foto: Susanne Håheim

Sjukepleiaren ligg på alle fire ved elvebreidda og lokkar på «Stella» og «Bea». Med fotokamera i eine handa, og ein pipeleike i den andre, prøver Susanne Håheim å få merksemda til hundane.

– Dei står jo så å seie aldri i ro, så det kan vere store utfordringar innimellom, smiler 23-åringen.

Hundefotografering

Slike utfordringar har Håheim teke på seg fleire og fleire av siste tre-fire åra. Allereie som 13-åring fekk ho sitt første fotoapparat.

I vaksen alder har ho kombinert dei to lidenskapane til ein og same hobby; hundefotografering. Når huset no blir bygt på, er håpet å få sitt eige fotostudio.

SJÅ TV-SAKA: «Marco» hadde eigentleg ikkje tenkt å nytte dagen på å bli fotografert, men måtte til slutt gi seg mot den tolmodige fotografen.

– Eg har alltid hatt hund og er veldig glad i hundar. Fotografering har eg hatt interesse for veldig lenge, fortel sjukepleiaren.

Fleire ynskjer bilete

Stadig fleire ynskjer bilete av hunden sin på veggen.

– Eg merkar at pågangen har teke seg litt opp i det siste. Det er spesielt folk som kanskje er litt over snittet interessert i hundar, seier Håheim.

Susanne Håheim og Hanne Sofie Sunde Almenning

TREFTE BLINK: Hundeeigar Hanne Sofie Sunde Almenning (t.h.) var godt nøgd med bileta Susanne Håheim fekk av «Marco».

Foto: Kaia Viki / NRK

Hanne Sofie Sunde Almenning er eigaren til Håheim sitt andre oppdrag for dagen; energiske «Marco».

– Eg såg nokre bilete som var så fine, og så ville eg overraske mannen med eit kult og stilig bilete av «Marco» på veggen, smiler Sunde Almenning.

Vil heller leike

Men dobermannen har heilt andre planar enn å posere for fotografen. Då er leik i det fri langt meir interessant.

– Alle bileta blir ikkje like bra, kanskje eitt av 100 bilete. Den største utfordringa er å få kontakt med hunden, men då får eg litt hjelp frå eigarane, fortel Håheim.

Uredigert bilete av Marco

MARCO: Dobermannen «Marco» sette seg, etter mykje om og men, til for å la seg fotografere. Biletet er uredigert.

Foto: Susanne Håheim

Til slutt bestemmer «Marco» seg for å samarbeide.

– Det trur eg vart eit veldig bra bilete, smiler fotografen og får samtykkande nikk frå ein nøgd hundeeigar.

– Det er hobbyen din no, men om du ser fem år fram i tid?

– Eg håpar at eg er blitt mykje flinkare og at eg tek fleire bilete av andre sine hundar. Det er nok ikkje levebrødet mitt då, men det er jo lov å håpe.