Han trur kundane legg mindre vekt på å skifte selskap enn for eit til to år sidan. - Då hadde ei slik plassering automatisk ført til ein straum av nye kundar. Men no har kundane skjønt at konkurransen verkar, og at det ikkje løner seg å bytte leverandør heile tida, seier han.
Små marginar
Saman med Luster Energiverk og Total Energi i Florø ligg SFE mellom dei rimelegaste selskapa i landet på Konkurransetilsynet si liste. Men det betyr ikkje at det er nokon priskrig, seier Fjellestad. Det er små marginar som skil dei ulike aktørane i bransjen, seier han.
Total Energi i Florø er eit nytt selskap - drive av Jo Børre Eikås som gjekk konkurs med Kraftkompaniet for halvtanna år sidan. Heller ikkje han vil karakterisere situasjonen som priskrig, men seier motivasjonen for å liggje på toppen er å kapre nye kundar.