- Dette skuldast det gode og nære samarbeidet mellom kommunehelsetenesta, distriktspsykiatrien og klinikkane. Det gjer at mange med psykiske problem vert fanga opp før problema vert akutte, seier psykiater Trond F. Aarre ved Nordfjord psykiatrisenter. Og når folk først vert innlagd, er det for eit kort tidsrom, seier han.
- Bruk ressursane andre stadar
Den siste åra har det vore mykje fokus på krisa innan akuttpsykiatrien og behovet for auka ressursar for å kunne byggje ut dette tilbodet. Men Aarre meiner ein heller bør nytte ressursane andre stader i systemet, og at dette også vil vere mindre kostnadskrevjande enn sengepostar innan akuttpsykiatrien.
Føregangsfylke
Og fleire har no fatta interesse for korleis ein jobbar i Sogn og Fjordane. Under psykisk helsekonferanse i Oslo neste veke, vil psykiater Trond Aarre frå Nordfjord psykiatrisenter og Øyvind Watne frå Psykiatrisk klinikk ved Førde Sentralsjukehus fortelje om den psykiatriske modellen i Sogn og Fjordane.
Prosjektdirektør i Sosial- og helsedirektoratet, Mari Trommal, seier Sogn og Fjordane er eit føregangsfylke på dette området, og at tida kanskje er komen for å satse annleis.