Hopp til innhold

Mellom 200 og 300 i fakkeltog

I Vågsøy trossa nærare 300 personar onsdag kveld regnet og gjekk i fakkeltog med krav om folkerøysting om kommunesamanslåing.

Geir Refvik

FAKKELTOG: Geir Refvik har engasjert seg mot samanslåinga av Flora og Vågsøy kommune.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er dette vi har kjempa for heilt sidan dette vart bestemt. Vi meiner det har gått alt for fort. Det er på tide å få alle fakta på bordet, seier Geir Refvik.

Han ein av mange som har engasjert etter at det vart bestemt at kommunane Vågsøy og Flora skal slå seg saman til Kinn kommune. Mange med han meiner ein har gått vel fort fram.

– Eg er i utgangspunktet ein optimistisk person som ser det positive i det meste, men kva er det eg ikkje ser som skal vere så bra med denne samanslåinga, seier Refvik.

For den nye Kinn kommune vert ein noko spesiell konstruksjon. For den nye kommunen vert delt i to av ein tredje kommune, Bremanger, som ikkje ville vere med på noko kommunesamanslåing.

– På meg verkar det ulogisk, lite gjennomtenkt og på grensa til tullete, seier Refvik, seier Refvik.

Folkerøysting

Torsdag er det duka for eit svært spanande kommunestyremøte i Vågsøy. For etter at Høgre i går annonserte at også dei no vil ha folkerøysting, kan det vere fleirtal i kommunestyret.

Geir Oldeide

VIL HA FELLES LØP: Geir Oldeide i Raudt i Vågsøy.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dette kom seint i ettermiddag, og vi har ikkje fått behandla det. Vi må ha ein diskusjon med Høgre i forkant av kommunestyremøtet torsdag og kome fram til eit felles løp for denne saka, seier Geir Oldeide i Raudt i Vågsøy.

Onsdag kveld gledde han seg over alle som hadde møtt fram i regnet for krevje folkerøysting. Når det no også ser ut til å vere fleirtal i kommunestyret for folkerøysting, meiner han det ville vere for dumt om saka no skulle strande på deljar i premissane frå Høgre.

– Då bør vi kunne gå saman i kommunestyret og verte samde om korleis vi skal gjennomføre det, seier Oldeide.

Fakkeltog i Vågsøy

STERKE MEININGAR: Mange møtte fram for å seie si meining.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ikkje så enkelt

– Eg er ikkje i mot ei folkerøysting, men vi må vite kva vi skal bruke ei folkerøysting til, seier Edvard Iversen som er gruppeleiar for Venstre i Vågsøy.

Edvard Iversen

KAN IKKJE REVERSERAST: Edvard Iversen er gruppeleiar for Venstre i Vågsøy.

Foto: Silje Guddal / NRK

Han syner til at det etter valet i fjor haust vart inngått ein avtale mellom Venstre, Frp, og KrF om at ein ikkje skal ta opp igjen kommunereforma.

– Ergo så kan den ikkje reverserast. Då kan vi ikkje sette i gang ei folkerøysting som vi ikkje kan bruke til noko, seier Iversen

– Men er det ikkje kjekt å høyre kva folket meiner?

– Jau, det er kjekt å høyre folket, men Vågsøy kommune kan ikkje bruke ein million kroner på ei folkerøysting til ingen nytte, seier Iversen.

– Ikkje for seint

Sjølv om Stortinget alt har fatta vedtak om Kinn kommune, meiner motstandarane at siste ord ikkje er sagt.

– Skal du halde tritt med som har skjedde med Kinn, så skal du jammen springe fort. Telemarksrapporten som Sanner etterlyste, den var ikkje på bordet før lenge etter at vedtaket her var fatta, seier Refvik.

– Håpar du at det vert sett punktum for saka på torsdag?

– Eg håpar at kommunestyret seier ja til folkerøysting, og at ein får informasjon i tida fram til folkerøystinga slik at folk kan gjere eit rett val for seg, seier Refvik.