Hopp til innhold

Mellom 15 og 20 personar i masseslagsmål

To gonger i løpet av ei natt barka to gjengar i hop bak ein utestad i Florø.

 Centrum bar, Florø

Det var bak Centrum bar i Florø at to store gjengar hamna i masseslagsmål.

Foto: Fredrik Helland / NRK

– Det er personar av både norsk og utanlandsk opphav. Aldersspennet er stort mellom dei involverte. 20 år skil den yngste og eldste, seier stabssjef ved Florø politikammer, Wenche Hope.

Politiet har oppretta straffesak etter hendinga som skjedde natt til sundag ved Centrum bar i Florø. Det var Firdaposten som først omtalte saka.

– Det er ganske uoversiktleg, men vi veit at mellom 15 og 20 personar barka saman to gonger i løpet av ei natt, seier Hope.

Politiet veit førebels ikkje noko om kvifor gjengane tok til å slost. No blir det gjort avhøyr, blant anna av dørvaktene på utestaden.

– Vi har ikkje detaljar om bakgrunnen for dette. Det skal vi kartlegge gjennom avhøyr av vitne og dei involverte, seier Hope.