Hopp til innhold

Melin Medical vart Årets gründer

Melin Medical og Jesper Melin i Gloppen vart på Temposeminaret i Florø i dag kåra til Årets gründer i Sogn og Fjordane. Med prisen fylgjer 100.000 kroner.

Sjå viudeo frå prisutdelinga til Årets Gründer

Sjå video frå prisutdelinga til Årets Gründer

Dagleg leiar Ingvild Hestenes og partner Anton Lorentz Bondesen var på plass for å ta imot prisen.

– Det er eit fantastisk eventyr. I januar var vi ein tilsett på Sandane, ved utgangen av dette året er vi ti. Det er heilt fantastisk å vere med på å byggje opp noko, det er vi veldig stolte over, sa Ingvild Hestenes då dei fekk overrekt prisen.

Betalingsautomatar på legekontor

Melin Medical leverer administrasjons- og betalingsløysingar til helsevesenet. Dei starta i februar 2010 på Sandane, og har utvikla ein ny betalingsautomat for helsevesenet som er tatt i bruk på mange legesenter i landet. Dei har store planar framover og vil vekse seg inn hos fysioterapeutar og kiropraktorar.

– Ein stor ressurs

Arvid Andenæs i juryen seier at årets gründer har kunnskap frå eit tradisjonelt og konservativ fagfelt, og har vist imponerande vilje og evne til å tenkje nytt.

– Dei har funne nye måtar å gjere ting på. Det er eit godt utgangspunkt for ein gründer. Bedrifta er ein stor ressurs for fylket vårt. Årets gründer har gått frå å vere ei lita bedrift til å bli ein sydande næringsaktør. Dei har effektivisert helsevesenet på ein mønsterverdig måte i ein sektor som treng fornying, sa han frå scenen under utdelinga.

Delt andrepremie på 50.000 kroner gjekk til Askvoll Sjømat & Delikatesser og Digital Etikett i Gaupne.

Gründerprisen blir utdelt

UTDELING: Gründerprisen gjekk til Melin Medical.

Foto: Steinar Lote / NRK