Foreldra visste at alt stod bra til, men det gjorde ikkje alle slektningane, som byrja å ringe etter at lista vart offentleggjort. Det seier far Ingolf Folven.
Sendte e-post til UD
Men foreldra til Stine Folven fekk ein e-post frå dottera allereie klokka 11 på andre juledag. 29. desember skreiv Folven ein e-post til Utanriksdepartementet om at alt stod bra til med både henne og systera. UD takka for at ho tok kontakt, men fem dagar seinare var ho på lista over sakna.
- Gjorde så godt eg kunne
På spørsmål frå VG om kvifor Folven hamna på saknalista, svarar representanten frå UD slik:
- Det tør jeg rett og slett ikke svare på. Jeg hjalp til fra ettermiddagen til kvelden 29. desember. Jeg har registrert så samvittighetsfullt som jeg kunne inn på et system.
Og då det gjekk opp for foreldra at dottera sto på saknalista, var det godt å vite at dottera var trygg.