Spesialbåten "Arena" leverte skjelsand tilsvarande kring 30 billass til ei badestrand i Førde sist fredag.
Tungt lasta
Eit par dagar før låg båten ved Lågøy i Solund, og Martin Ingvaldsen er sikker på at "Arena" lasta skjelsanden der.
- Det fossa inn i båten, og etter eit par timar låg han tungt lasta. Så sjølvsagt pumpa han noko opp frå botnen, det er det ikkje tvil om, seier Ingvaldsen.
- Berre prøver
Dagleg leiar for Hordaland skjellsand, Einar Torsvik, seier til Firda at dei ikkje lasta skjelsand i Solund, men berre tok nokre prøver. Skjelsanden til badestranda lasta dei på Sotra i Hordaland.
Dette stiller Ingvaldsen tvilande til.
- Det er ikkje snakk om ei botnprøve når du ligg og pumpar i timesvis, seier Ingvaldsen.
Erdalen badestrand - foto Cosmin Cosma NRK.jpg
Stolar på politiet
Fylkeskommunen har meldt saka til politiet, seier fylkesgeolog Bjørn Falck Russenes.
Men Russenes vil ikkje seie noko om dei er sikre på at skjelsanden er henta ulovleg i Solund.
- Vi reknar med at politiet finn ut av dette, seier Russenes.