Hopp til innhold

Meldt for korrupsjon

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete er meldt til politiet for korrupsjon.

Liv Signe Navarsete
Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

  • LES OGSÅ;

Det er Rød Ungdom som har politimeldt partileiaren i dag.

Alvorleg

- Navarsete har motteke ei veldig dyr gåve frå ein av dei mektigaste aktørane på eit område ho var statsråd . Det er såpass alvorleg ar det er behov for ei politietterforsking, seier leiar i Rød Ungdom Iver Aastebøl til dagbladet.no .

Liv Signe Navarsete var samfedsleminister då ho tilbake i 2006 døypte ei ferje. Kjell Inge Røkke sitt selskap Aker ASA var hovudeigar i Aker Yards då partileiaren fekk armbandet.

Tre års fengsel

Partiet har brukt paragraf 276a i lova då dei melde Navarsete til politiet. Paragrafen har ei strafferamme på tre års fengsel.

Aastebøl i Rød Ungdom meiner Aker Yards hadde alt å vinne på å ha eit godt forhold til Navarsete då dei gav henne armbandet.