Hopp til innhold

Melding om brann i Askvoll

Naudetatane rykka ut til eit bustadkompleks i Storehaugen nedre i Askvoll.
Ein brannalarm har gått og det er meldt om røyklukt.
Alarmen skal gjelde ein av dei nye bustadane som vart sett opp i sommar.
Brannmannskap har teke seg inn. Siste melding frå politiet er at ingen brann er funnen, og at aksjonen er avblåst.