På vesle julaftan hamna han og tre andre bilførarar i grøfta då dei køyrde over fjellet, for på veg ned frå Vikafjellet opplevde dei plutseleg at vegbana var spegelblank.
- Eg byrja berre å seile nedover, eg prøvde å pumpebremse, men ingenting hjelpte. Etter ei par hundre meter auka farten, og då måtte eg prøve å få bilen i grøfta, seier han.
- Ikkje strødd
Pettersen meiner vegvesenet må ta ansvaret for at vegbana var så glatt. Han seier at vegen ikkje var strødd med sand, og det er på det grunnlaget han melder vegvesenet til politiet.
Aldri noko liknande før
Lensmannen i Vik, Agnar Dregelid, har aldri før motteke ei liknande sak, men lovar at dei vil etterforske den på vanleg måte. Etter nyttår vil saka bli overført til lensmannskontoret på Leikanger.
Skal sjå på saka
For det er der Statens Vegvesen i Sogn har kontor. Og distriktsvegsjef Pål Fosdal vil enno korkje fråskrive seg eller påta seg ansvaret for det som har skjedd.
- Vi må sjå på kva som var situasjonen på Vikafjellet vesle julaftan, og så får vi vurdere ut frå det kva vi skal gjere, seier han.