Hopp til innhold

Melder vegvesenet etter husskader

Inge Kolseth frå Leirgulen melder Statens vegvesen til politiet for sprengningsskader på huset sitt.

Inge Kolseth

MELDER VEGVESENET: Inge Kolseth framfor huset sitt. Ei plate står framfor kjellarvindauget som blei knust.

Foto: Svanhild Breidalen/Fjordenes Tidende

Kolseth seier til Fjordenes Tidende at huset hans har fått elleve sprekkar og knust vindauge.

– Mellom anna har uthuset fått så store skader at det truleg må rivast, seier han.

Redd for ungane

Han meiner skadane har kome som følgje av sprengingsarbeid i samband med den nye vegen gjennom bygda. Vegvesenet byggjer for tida ny veg mellom Kolset og Bortnen i Bremanger som ein del av Bremanger2-sambandet.

– Entreprenørane skulder på kvarandre når det gjeld kven som har ansvaret for dette. Eg sit att med spørsmåla og er like klok, seier Inge Kolseth til avisa

Kolseth meiner Statens vegvesen raskare må ta ansvar for skadane. I tillegg til sprekkane og knuste vindauge, meiner han at eit farleg området langs eigedommen må sikrast.

– Dei har lagd eit mange meter bratt stup rett utanfor huset mitt. Eg har mange ungar på besøk og er redd for at dei skal falle ned og slå seg.

Tek ein runde etterpå

Vegvesenet seier dei ikkje spring frå ansvaret, men har forståing for at Kolseth er lei av ulempene ved vegbygginga.

– Vi har sett opp eit gjerde ved terrassen og har bygd ny veg opp. Den er fem meter brei og ikkje farleg å køyre opp, seier ansvarleg for utbygginga, Susanne Svardal.

Ho seier at det før kvar sprengingsjobb, blir gjort ein analyse av byggja i nærleiken.

– Likevel kan det oppstå ting, og våre byggningskunnige vl difor ta ein runde etter arbeidet er over for å avgjere om eventuelle skader har kome som følgje av sprenging, seier ho.