NRK Meny
Normal

No melder ho Telenor til politiet

Marita Aarvik frå Selje melder Telenor til politiet. Bakgrunnen er dei mange problema med internett og mobilnettet der ho bur.

Marita Aarvik og mast på Stadtlandet

POLITIMELDER TELENOR: Marita Aarvik frå Selje har fått nok av telfontrøbbel.

Foto: Privat. NRK: Montasje

Innbyggarane på ytre Stadlandet har nærast vendt seg til at mobilnett og internett sviktar. Seinast i desember var dei igjen utan mobildekning i fleire dagar. Då var begeret fullt for Marita Aarvik som no har meldt Telenor til politiet.

– Eg meiner dei ikkje leverer det dei lovar. Stadig vekk så er mobilnettet nede, og internettet fungerer dårleg, og til dels ikkje veldig mange plassar.

På tryggleiken laus

Heilt sidan i fjor sommar har Aarvik vore jamleg i kontakt med Telenor. I fjor sommar opplevde ho og dei andre innbyggarane på Stad at ein mastetabbe førte til at dei var utan mobildekning heile sommaren. I slutten av desember var dei altså igjen fleire dagar utan mobildekning, og det meiner Aavik går på tryggleiken laus.

– Når folk er utan telefon og mobilnett i fleire dagar så har ein svært dårleg tryggleik. Du kan ikkje nå nokon av naudnummera om du skulle trenge det. Det er det viktigaste punktet.

– Kva håpar du å oppnå ved å melde Telenor?

– Eg håpar det at skal bli eit krav om at dersom mobilnettet er ute i meir enn to timar i eit området så skal næraste naudnummer på AMK, politi og brann varslast slik at dei veit at området er utan dekning.

Tar til vitande

Bjørn Amundsen

TAR TIL ETTERRETNING: Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg kan ikkje anna enn å ta til etterretning at ho gjer det. Så tykkjer eg sjølvsagt at det er svært leit, seier dekningsdirektør i Telenor Bjørn Amundsen.

– I Selje meiner Aarvik at Telenor har vore både uvillige og seine til å rykke ut?

Amundsen seier at årsaka til problema var eit kabelbrot i eit svært vêrutsett området som heiter« Kjerringa» og er på 500 meter. .

– Her måtte vi bruke beltevogn, ein gongen kom vi ikkje opp. Neste gong var vel vegen køyrbar, men då var det ikkje forsvarleg å klatre i masta. Dette er det som er komplisert når vi bygger basestasjonar i såpass aude område, så tar det diverre lenger tid enn det kundane av og til meiner det skal ta på feilretting, men vi må sette tryggleiken til reparatørane våre i høgsetet.

Kjenner seg lurt av Telenor

Aarvik er også kritisk til utstyrspakkane og abonnementa som Telenor har selt til kundar i området.

– Sjølv fekk eg vite for eit par dagar sidan at eg hadde ein internettabonnement som eg ikkje kunne utnytte skikkeleg. Vi fekk tilbod om raskare nett og slo til på det. I fleire år har eg altså betalt for langt meir enn det eg kunne få med den linjekapasiteten som eg har.

– Viss det er slik at vi har selt og lova ho eit produkt som vi ikkje kan levere så skal vi sjølvsagt sjå på det, seier Amundsen. Men eg kjenner ikkje einskildsaka ned på produktnivå. Eg kjenner til utfallet på nettet vårt, og det er det eg kan kommentere.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser