Hopp til innhold

Melder storm: – Sjekk vêrmeldingane før de skyt opp rakettar

Det er varsla store nedbørsmengder og storm langs kysten og i fjella utover nyttårsaftan. Å skyte opp rakettar kan vere farleg i dag. Seljarar ber folk vere forsiktige – også med batteria.

Fyrverkeriutsal, Førde

HÅPAR PÅ BETRE VÊR: Anette Hestad (til venstre) sel fyrverkeri i Førde, og håpar at folk er forsiktige om dei skal skyte opp rakettar i kveld.

Foto: Ahmad Dean

– Det er viktig at det står støtt og godt fordi rekylen går nedover, seier Herman Erdal, fyrverkeriseljar i Førde.

Viss underlaget er ustabilt kan det oppstå farlege situasjonar, seier Erdal, og har med seg Alarmsentralen i dette.

– Ta omsyn til vinden. Sjekk vêrmeldingane, og ikkje skyt opp rakettar dersom det er fare for mykje vind, seier vaktleiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Espen Rysjedal.

I Florø kan vinden kan stoppe den store fellesoppskytinga av fyrverkeriet i byen, skriv Firdaposten.

– Det er noko vi kjem til å vurdere utover dagen. I utgangspunktet skal vi skyte opp rakettane 20.15. Men blir det så mykje vind som er lova, kan vi ikkje skyte opp, seier varabrannsjef Robert Endestad i Flora brannvesen til avisa.

Heller ikkje dei såkalla batteria er trygge i dag. Dei kan velte og skyte ut rakettane horisontalt. Augo er særleg utsette.

– Dei aller fleste skadane som skjer i dag skjer jo med desse batteria som har mange rakettar i ein boks, seier augelege Nils Bull ved Haukeland sjukehus.

Vernebriller er viktig å hugse på, også for dei som ser på fyrverkeriet.

– Ein tenkjer gjerne at det er oppskytingssjefen som treng vernebriller. Men dei som står og ser på treng det like mykje. Om fyrverkeriet endrar retning, så kjem det brått på, og det er då me ser at særleg born blir råka. Det er forferdeleg, seier vakthavande stabssjef Lars Magne Hovtun i Oslo brann- og redningsetat.

Statsmeteorolog Lars Andreas Selberg seier det er eit lågtrykk på veg mot Finland som ser ut til å legge ein dempar for nyttårsfeiringa i delar av landet.

– Det ser ikkje veldig lovande ut, vedgår han og siktar til både rakettoppskyting og sjansen for å sjå fyrverkeriet ta oss inn i det nye året.

Fyrverkeri under barnekjippen i Florø.

KAN BLI AVLYST: Det tradisjonelle fellesfyrverkeriet i Florø kan bli stoppa dersom det dårlege vêret som er lova faktisk kjem.

Foto: Arne Stubhaug / NRK