Hopp til innhold

Melder staten til politiet

Venstre har fått nok av staten som ikkje fjernar miljøbombe.

Undervassbilete frå krigsvraket "Welheim".

Båtvraket 'Welheim' har leke ureinande diesel i mange år utan at staten har gripe inn.

Foto: Runar Hove

Sogn og Fjordane Venstre melder staten til politiet for brot på lov om vern mot forrureining og avfall.

Alvorleg lovbrot

Det tyske motorskipet "Welheim" blei torperdert i Tansøysundet utanfor Florø i 1944. Vraket inneheld 300 tonn olje og har vore lekk i lengre tid.

Likevel vil ikkje Regjeringa setje av pengar i statsbudsjettet til å heve skipet. Dette meiner Venstre er eit klart brot på forrureiningslova. Partiet meiner staten har handla med forsett, noko som gjer lovbrotet særleg grovt.

- Regjeringa må ta ansvar

- No er det nok. Regjeringa må ta ansvar, seier leiar i Sogn og Fjordane Venstre, Torbjørn Kolås:

- Staten har fråskrive seg ansvaret sitt i årevis. Difor går me til det steget å melde dei til politiet, slik at dei vonleg får seg ei høveleg bot.