Årsaka er vedtaket om å legge ned ungdomsskulen i bygda, skriv Sogn Avis. På årsmøtet onsdag vart ordføraren møtt av ein stille demonstrasjon på 30 personar.
Merkeleg
Leiar i Fjærland Senterparti Anders J. Bøyum synst det er ein merkeleg måte å vise misnøye på. Senterpartiet i Fjærland har heile tida vore tydeleg på at dei ønskjer å oppretthalde ungdomsskulen. Dei utmelde meiner vedtaket i kommunestyret er eit løftebrot, men Bøyum er berre delvis einig. Han meiner det er rettare å halde fram med politisk arbeid og ta tak i andre utfordringar.
Snudde ryggen til
På årsmøtet onsdag vart ordførar Karen Marie Hjelmeseter møtt med ein stille demonstrasjon av 30 fjærlendingar. Initiativtakar Gunn Dale seier ho føler seg rundlurt av partiet og at demonstrasjonen var ei markering av løftebrotet. Anders Bøyum var ikkje begeistra for demonstrasjonen og seier det var som å snu ryggen til Fjærland Senterparti.