Hopp til innhold

Melder seg ut av Venstre i pelsdyrprotest

Å legge ned pelsdyrnæringa har vore ein viktig siger for Venstre i forhandlingane med Høgre og Frp, men ikkje alle venstrefolk er fornøgde. No har fleire meldt seg ut av partiet.

Bjarte Heggheim

HAR MELDT SEG UT: Bjarte Heggheim har meldt seg ut av Venstre etter vedtaket om å legge ned pelsdyrnæringa i Norge.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dette er eit sterkt distriktspolitisk signal frå Venstre, og eg mislikar det veldig, seier Bjarte Heggheim.

Han var inntil nyleg leiar for Venstre i pelsdyrkommunen Gloppen, og har vore ein profilert lokalpolitikar for partiet i mange år. No er han ein av fleire som har meldt seg ut av partiet etter at den nye regjeringsplattforma til dei tre borgarlege partia vart presentert i går.

For Heggheim er det punktet om å leggje ned heile pelsdyrnæringa i landet innan 2025 som har fått han til å melde seg ut. Også andre i det same lokallaget har meldt seg ut i dag.

– Det er eit sørgjeleg vedtak. Både for den næringa som skapar mange arbeidsplassar, og for folk i distrikta, seier Heggheim.

Generalsekretær i Venstre, Christian Herzog, seier at dei har fått ein del utmeldingar det siste døgnet, men at han ikkje har fått oversikt over kvifor folk har meldt seg ut.

– Det tek nokre dagar før vi har oversikt over det. Eg har registrert at det har kome ein del utmeldingar, men har ikkje sett på grunngjevingar for å melde seg ut endå, seier Herzog.

Rev

LEGG NED NÆRINGA: Venstre, Høgre og Frp har vorte samde om å legge ned pelsdyrnæringa i Norge, gjennom om kutte i subsidiane til bøndene som driv med pelsdyr. Det er det sannsynlegvis fleirtal for i Stortinget.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Dyr må få leve ut sine naturlege behov

Sentralstyremedlem Sveinung Rotevatn er fornøgd med at Venstre har fått gjennomslag for å leggje ned pelsdyrnæringa.

– Dyr har behov for å leve ut sine naturlege behov, som å grave i jorda eller å svømme. Det går ikkje an å drive lønnsam pelsdyrdrift der desse behova blir tilfredsstilt, og difor er eg for ei styrt avvikling av næringa seier Rotevatn.

Han er ein av dei som lenge har ivra for ei slik avvikling, som Venstre no har fått gjennomslag for.

Sveinung Rotevatn

STØTTAR VEDTAKET: Sveinung Rotevatn tykkjer det er gledeleg at Venstre har fått gjennomslag for å leggje ned pelsdyrnæringa innan 2025.

Foto: Terje Pedersen / NPK

– Pelsdyr er ville dyr, og dei har det ikkje godt i små bur. Det er noko heilt anna enn med sauer og kyr, som har vore husdyr i tusenvis av år.

Den tidlegare stortingsrepresentanten har respekt for at Heggheim har meldt seg ut av partiet, men seier at det er slikt ein må leve med.

– Politiske vedtak i eit parti kan føre til både innmeldingar og utmeldingar. Eg har hatt fleire gode diskusjonar med Bjarte om pelsdyr, og eg respekterer at vi er ueinige, seier Rotevatn.