Hopp til innhold

Melder seg ut av partiet i protest mot helsehus-vedtak

Sigfrid Eide melder seg ut av Arbeidarpartiet etter at politikarane i Årdal i dag gjekk inn for å investere i nytt helsehus.

Sigfrid Eide melder seg ut at politikken

FERDIG: Sigfrid Eide seier takk for seg i både politikken og Arbeidarpartiet etter dagens kommunestyrevedtak i Årdal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Ja, eg kjem til å trekkje meg frå lista etter dette her, seier Eide.

Og det er ikkje berre Arbeidarpartiet ho snur ryggen til.

– Eg har ingen tankar om noko meir politikk no. Eg melder meg heilt ut av politikken, seier Eide.

Er på Robek-lista

Då politikarane i Årdal i dag stemde for om dei skulle gå for eit nytt helsehus i Øvre Årdal der ein samlar alle helsetenestene i kommunen, stemde Eide i mot.

Dermed stemde ho også i mot sitt eige parti. Saka vart vedteken med 12 mot ni stemmer etter ein heller oppheta debatt.

Saka om helsetunet og ei samling av helsetenestene i kommunen i Øvre Årdal har splitta både politikarane og innbyggjarane i kommunen i indre Sogn. Årdal hamna på Fylkesmannen i Robek-liste i mars i 2013 etter å ha hatt eit underskot på over ti millionar kroner i 2012.

(Artikkelen held fram under biletet)

Røysta for helsehus

SPLITTA: Voteringa i kommunestyret enda til slutt med 12 stemmer for og ni i mot nytt helsehus.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Og det er nettopp den vonde økonomiske situasjonen kommunen er i som har vore mykje av stridens kjerne. Fleire har teke til orde for at det er uhøyrt å bruke 15 millionar kroner på eit helsehus når kommunen må kutte til beinet i andre samanhengar.

– I den økonomiske situasjonen som Årdal er i no, der dei raslar med sablane om å seie opp personalet sitt for å spare pengar, så finn eg dette heilt uansvarleg å vere med på, seier Eide.

Trur dette vil merkast til neste val

Ho legg ikkje skjul på kva ho meiner om vedtaket som vart fatta i kommunestyret i dag.

– Eg er veldig skuffa, seier Eide.

Etter møtet var det fleire som også flagga at dei kunne tenkje seg å melde seg ut av partiet, men førebels er det berre Eide som er klar på at ho har bestemt seg.

– Eg trur ikkje nokon andre har heilt bestemt seg, nei. For mitt vedkommande er det finito, seier Eide.

Ho trur den betente saka om helsehuset vil få konsekvensar for Arbeidarpartiet i Årdal.

– Eg trur dette vil bety veldig mykje. Det vil syne seg ved neste val, seier Eide.