Hopp til innhold

Melder seg ut av Høgre i protest

Mangeårig styremedlem i Flora Høgre, Hilmar Eliasson melder seg ut av partiet i protest. Det same gjer Marit Stave. Striden om Jakob Nødseth er årsaka.

Hilmar Eliasson

UT AV PARTIET: Hilmar Eliasson melder seg ut av partiet i eit ope brev til lokallag, fylkeslag og partiet sentralt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Mangeårig styremedlem i Flora Høgre, Hilmar Eliasson melder seg ut av partiet i protest.

Kjenner seg dårleg behandla

Han meiner både han sjølv og Jacob Nødseth har blitt dårleg behandla.

- Eg vart vraka frå styret fordi dei ønskte å ha to- tredjedelsfleirtal i styret for å fjerne Jakob Nødseth frå Høgre, seier Eliasson.

Han meiner det ikkje er rett at hans forsvar av Nødseth skal gå ut over han.

- Om mitt arbeid i styret har vore å vere ein slags forsvarar i den pågåande nominasjonsprosessen og at det skal gå meg imot seinare finn eg lite rett.

(saka held fram under biletet)

Jacob Nødseth

I MIDTEN: Jakob Nødseth er omstridd i Høgre. No har to meldt seg ut av partiet på grunn av måten Nødseth er blitt behandla på.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Vart vraka som styremedlem

Eliasson vart vraka som styremedlem på lokallagsårsmøtet tidlegare i vinter, og har lenger vore omstridde Nødseth sin fremste forsvarar internt.

No melder han seg ut av partiet i eit ope brev til lokallag, fylkeslag og partiet sentralt.

Eliasson er klar på at det ikkje er Nødseth som er problemet.

- Det er dei som er rundt han og mot han, og som har vore rundt han tidlegare som er problemet.

- Ei lette å melde seg ut

- Korleis vert det å seie takk og farvel til partiet?

- Det vert ei lette å komme vekk frå støyen som har vore no. For meg er dette eit tilbakelagt stadium som eg er ferdig med. Som uavhengig vil eg prøve å jobbe med politiske sakene i bystyret og ta det vidare der.

- Men har de ikkje andre saker å jobbe med i Flora Høgre enn å krangle om Jakob Nødseth?

- Jo vi har mange sakre å jobbe med, men det er berre slik det er blitt. Men vi har også klart å jobbe politisk og. Men i styretarbeidet har denne saka teke mykje tid.

(saka held fram under biletet)

Vidar Grønnevik

INGEN KOMMENTAR: Vidar Grønnevik er lokallagsleiar i Flora Høgre og vil førebels ikkje kommentere at to har meldt seg ut av partiet.

Foto: A til Å reklamebyrå

- Vi må tole konfliktfylte personar

- Når det er ein person som skaper slik debatt og diskusjon, hadde det ikkej vore enklare om han hadde trekt seg for lenge sidan?

- Det er klart det hadde vore det enklaste for å skape fred og ro, men samstundes meiner eg at Høgre skal vere eit parti der ein har rett til å uttale seg og då må vi også tole at det kan vere personar som kan vere konfliktfylkte.

NRK har vore i kontakt med lokallagsleiar Vidar Grønnevik som førebels ikkje vil kommentere saka.

Heller ikkje generalsekretær Lars Arne Ryssdal i partiet vil kommentere.

Stave melder seg også ut

Men det er ikkje berre Eliasson som seier takk og farvel i Flora Høgre.

Etter 10 år som styremedlem og tillitsvalt meldte Marit Grønnevik Stave seg ut av Flora Høgre denne veka.

Ho seier at ho er letta over å gå ut av styret, men synes det samtidig er frykteleg trist.

(saka held fram under biletet)

Hanne Husebø Kristensen, Jacob Nødseth og Vidar Grønnevik

VIL HA RO: Gruppleiar Hanne Husebø Kristensen i Flora Høgre har tidlegare uttalt at partiet ikkje toler meir uro og støy om Nødseth og Grønnevik.

Foto: montasje NRK / A til Å reklamebyrå

Usemja er årsaka

Ho stadfestar at årsaka er usemja på årsmøtet i vinter, der Hilmar Eliasson vart vraka som styremedlem.

Ho er forøvrig syster til lokallagsleiar Vidar Grønnevik som har lege i strid med Jacob Nødseth den siste tida.

Grønnevik ønskjer ikkje å kommentere denne saka.

- Mistar politikken av syne

Stave seier ho ikkje ser korleis ho kan bidra til ei løysing, og at då er det like greit å gje seg.

Ho meiner det er trist når ein misser politikken av syne.